Skagsnebb med Pappa (20.05.2014)
Written by HaraldH (Harald Hegge)
Ascents | Skagsnebb (2,003m) | 20.05.2014 |
---|---|---|
Skagsnebb V1 (1,965m) | 20.05.2014 | |
Skagsnebb Ø1 (2,003m) | 20.05.2014 |
Ein nydelig dag i Leirdalen!
Vurderte shorts ved start, men litt vind gjorde te at det ikkje blei valgt. I etterklokskapens lys hadde det gått bra!
Vi måtte gå over brua då snøbruene var borte, hadde tenkt å bære skia i hendane. Men den planen vart skrinlagt då det viste seg at brua bestod tå 2x4 på tvers, og ikkje plater mellom. Med skia på sekken var det ingen sak. Etter 50 meter kunne vi spenne på skia. Snøen var allerede ganske mjuk frå start.. Her er det rett inn i motbakke og ein vinn fort høgde. T-skjorte held heile vegen opp te ryggen mellom Skagsnebba (ca 2 timar hit). Snøen var hard det øverste 2-300 høgdemeterane.
Vi tenkte prøve oss på Bakarste Skagsnebb først då vi rekna med at dette var den største utfordringa. Litt blanda is, stein og veldig rotten snø under hammaren, men dette let seg passere greit. Klyvinga vidare var også grei, men då det gjenstod ca 40 hm måtte vi ut i ein bratt snøflanke. Då denne ligg midt i solsida, var snøen veldig rotten her også. Isøks hadde absolutt ingen funksjon, og vi vurderte derfor risikoen til å være for stor til å gå opp her. Pill rotten snø gir ikkje godt feste, og kan potensielt skli ut i ras.. Retur ned til ryggen igjen var grei, litt kinkig akkurat nedanfor hammaren der det var laus snø/is/stein. Men det gjekk fint.
Så tok vi fatt på ryggen mot Skagsnebb i fantastiske plast-randonee-sko! Her var det lite snø, og til dels smal egg. Feil skotøy for klyving! Men ellers var ryggen fin. Hadde ei lita pause på Skagsnebb Ø1 - her er det fin utsikt nedi Leirdalen 1000 meter lengre ned! Retur bort til sekkane gjekk fint. Ryggen er ca 1 km frå der vi sette frå oss skia til Øst-toppen.
Etter matpause i lag med ein triveleg kar frå Lom venta det beste med heile turen - nedkjøringa! Vi hadde brukt lang tid oppe på ryggen, så det var nydelig slush frå fyste sving! Ei fantastisk fin nedkjøring som kanskje er den finaste eg har kjørt! Nede i nederste brebassenget begynte det å bli skikkeleg "sugande" føret. Siste bratte gjekk fint lell, før her er det bratt nok til å få opp farten likevel! Ski på te det var att 50 meter til brua.
Tusen takk til SveinHarald (Svein Harald Hegge) før ein kjempefin tur!
Start date | 20.05.2014 10:25 (UTC+01:00 DST) |
End date | 20.05.2014 17:00 (UTC+01:00 DST) |
Total Time | 6h 34min |
Moving Time | 5h 32min |
Stopped Time | 1h 01min |
Overall Average | 1.7km/h |
Moving Average | 2.1km/h |
Distance | 11.5km |
Vertical meters | 1,247m |
User comments