Eg er ikkje glad i vintersportstader, Fjellsætra intet unntak. Har vel ikkje lov å klage, det var muleg å ta desse toppane på anna vis. Men dette var rett og slett for å krysse av, så ærleg skal eg være. Parkerte ved skiheisen og måtte ut med 30 kr i park.avgift. greitt nok. Beina på rett opp traseen til høgste punktet på Sætrefjellet, ikkje langt unna siste heiskonstruksjonen. Vidare til den lavare toppen nord for Sætrefjellet. Gjekk ned og ut Tuvdalen. Lise venta tolmodig på parkeringa. Hadde vore ein trilletur med jr. Vidare til overnatting langs veien til Melsetsætra.
User comments