Nattbestigning Gjertvasstind (31.05.2014)

Written by hslite (Hans Christian Tenol- Tuxen Lilleøren)

Map
Ascents Gjertvassoksle (1,924m) 31.05.2014
Vestre Gjertvassoksle (1,982m) 31.05.2014
Gjertvasstinden (2,351m) 31.05.2014

Med god vermelding i ryggen bestemte eg meg for å prøva ein nattur til Gjertvasstinden. Turen vart ein kombinasjon av toppturski og med fjellsko\stegjern.
Med ei travel arbeidsveke i Bergen bak seg var det godt å setja seg i bilen og nyta naturen inn mot Voss, Indre Sogn og Vest- Jotunheimen. Nådde Turtagrø etter 4 timars kjøring med gode pausar undervegs. Etter å ha parkert lunta eg stille og roleg innover Helgedalen, her fann eg ein flott leirstad ved elva, og kvilte ei lita stund før eg starta bestigninga. Kl 2230 starta eg frå Helgedalen, gjekk først til fots innover dalføret, etterkvart kom skiføret så skiutstyret kom på ca 1200 m høgde.

hslite_dsc03673.jpg

hslite_dsc03679.jpg

Valde ei rute inn Styggedalen, føret var fint, påfrysinga av sommarsnøen var alt byrja, og det var frå no skareføre resten av turen. Etter å ha nådd høgde 1523, starta eg nedkjøringa mot Gjertvassdalen, snøen var steinhard og glien vart i overkant god, så det gjaldt å safe heile vegen nedover her, samstundes som eg holdt høgda før innsteget i sjølve Gjertvasslia.
Etterkvart kom eg til Gjertvasslia, her starta sjølve oppstigningen, starta på ca 1200 m.

hslite_dsc03681.jpg

Kom etterkvart opptil høgde 1924, her parkerte eg skia og fortsatte til fots med lettast mogeleg sekk. Klyvinga opp til topp 1982 gjekk fort unna, tørre og fine forhold her, og sola kom etterkvart opp i nordaust, magisk flott stemning!
No gjensto den lange snøflanken til topps, her fann eg nokre spor eg gjekk langs. Stegjern og breøks var essensielt opp her! Her gjaldt å ta det med ro og ikkje stressa, men ha fokus heile tida. Oppe på toppen var forholda fantastiske, litt vind var det, det kom dessverre nokre skyer som skjerma frå den tidlege morgonsola, men det var herlig å vera her oppe igjen, og klokka var vel omtrent 04.30.

hslite_dsc03686.jpg
hslite_dsc03691.jpg
hslite_dsc03694.jpg

Etter å ha teke nokre bilete kom returen, brukte litt tid på eit litt ekkelt parti frå topplatået og ned på snøflanken. Tok det svært roleg ned her, og sikra heile tida med breøksa til det flata ut nedst. Kom etterkvart ned til skia på 1924 og tok meg ned til Gjertvassdalen og opp den seige bakken mot 1523 og Styggedalen. No byrja trøttheten å melda seg etter så mange timar i djup konsentrasjon. Nådde til slutt leirstaden og soveposen i Helgedalen etter nærare 10,5 timar på tur. Var herlig å legga seg, sjølv om det var høglys dag og sola steikte, trur eg sovna med ein gong.

User comments

  • -
    avatar

    Tøft gjort!

    Written by mortenh 02.06.2014 14:34

    Tøft gjort! Det er ikke så mange som suller på slike turer aleine om natta, men det gir jo en annerledes og kanskje litt ekstra sterk opplevelse å være alene kontra å gå og skravle med turkompiser.

    Flaks og uflaks er nært beslektet i Hurrungane. Synd med skyene, men det så ikke så ille ut lell. Hadde du valgt natta etterpå, hadde du fått skyfritt, for da kvilte vi på Storebjørn.

  • -
    avatar

    Flott tur som vekker minner

    Written by Øyvindbr 02.06.2014 14:26

    Artig at du også tok Gjertvasstind som nattur. Glemmer aldri turen med Morten natt til 28. mai 2005!

    Vi har jo tydeligvis et og annet å snakke om vi som har en del felles favorittområder...

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.