Stokkholmen og nabotopper (02.06.2014)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Romtveitnuten (1,218m) 02.06.2014
Saltpytteggi (1,589m) 02.06.2014
Skredunuten (1,229m) 02.06.2014
Stokkholmen (1,600m) 02.06.2014
Valasjønuten (1,289m) 02.06.2014

Frå fv362 er det åpen veg uten bompenger opp til Songadammen. Reiste opp dagen før og overnatta i bilen. Bar med ski frå Trolldalen opp til ca 1050 moh der det var nesten samanhengane skiføre fra sørsida av bekkegjelet opp til Skredunuten. Rant så ned i Valasjådalen der eg måtte over ei ganske stri elv og fant ein plass å hoppe frå stein til stein og kom meste torrskodd over. Gjekk så opp til Valasjønuten og Stokkholmen. Stor varde på toppen. Rant vidare nordover og var oppom Saltpytteggi.
Rant ned igjen i sørvestvendte skråninger og måtte bere skia en del plasser. Det var ikkje utlagt bru over Valasjøåni, men gjekk over ved Sandodden der er kryssa tidligare på dagen. Brukte lang tid på å finne egna plass å gå over sidan vassføringa hadde auka i løpet av dagen pga stor snøsmelting i varmen. Var til slutt oppom Romtveitnuten.
Brukte 14t totalt, men hadde god pause på Stokkholmen der det var utsikt til bl.a Hårteigen og Gaustatoppen. Halvskya ver denne måndagen i byrjinga av juni.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.

Advertisement