Grip først, så Freikollen (26.06.2014)
Written by bakken59 (Kristin Bakken)
Ascents | Freikollen (628m) | 26.06.2014 |
---|
Super dag, solskin, ikkje for mykje vind, men temperaturen var vel ikkje noko å skryte av. Vi tok først båttur til Grip. Endå flottare enn eg hadde sett for meg. Ingen toppar, men ei kyrkje til å få tårer i auga av. Etter å ha sjekka inn på hotell i Kristiansund, tok tre av oss av stad til Frei. Freikollen blei unnagjort på to timar inkludert pause på toppen. Vi gjekk frå Freiåsen, to av oss gjekk rett fram og forbi det vesle vatnet og kom opp frå havsida. Den tredje gjekk raskaste og bratteste vegen opp. Fungerte også fint. Vi gjekk saman ned raskaste vegen. Der opp målte ein annan turgåar temperaturen til 6 grader. Men sol, vind og vidt utsyn til alle kantar. Mange spreke folk med joggesko og med eller utan stavar gjekk raskt opp og ned. I boka på toppen såg vi at dette er ein fast tur for mange sprekingar. Distansen er 5 km. Anne og Eirik var med.
User comments