Vi kom frå Eigersund til Byrkjedal og over mot Maudal. Parkerte på den store parkeringsplassen, åleine. Ingen andre bilar/folk å sjå på denne turen denne flotte dagen. Pakka sekk for lenger tur. Lise bar Vinjar, eg tok sekk med alt utstyr. Det er svært lett og naturleg å følgje stien til topps. Ingen grunn til å prøve andre ruter her. Sidan turen opp gjekk veldig kjappt og smertefritt valde vi å returnere umiddelbart. Berre kort foto/epleøkt på toppen. Blir mykje meir styr med ein gong vi set oss ned, då vaknar guten. Vinjar sov heilt ned til bilen igjen, 3 timar i draumeland! Såg over mot Helgefjell, har lest at denne er tidkrevande. Det blir ein anna gong.
User comments
Vinjarkulen?
Written by knutsverre 27.06.2014 22:23Du har sikkert tenkt på det selv - bør ikke toppen omdøpes til ære for Vinjar?
Vinjarnuten
Written by boven 27.06.2014 22:41Var inne på det ja, ikkje mange 3,5 mnd gamle som har vore der. Vinjarnuten står og på blokka når vi kjøyrer heimover.
Missing title
Written by otto 27.06.2014 21:12Hva i all verden gjør Vinjar i Rogaland..?
Hos mormor
Written by boven 27.06.2014 21:19Tindeutvalget i Eigersund er begrensa, vi prøver gjere det beste utav det