Langtur i Gjendealpane (20.07.2014)
Written by JPV100 (Jan Petter Vad)
Ascents | Midtre Knutsholstinden (2,170m) | 20.07.2014 |
---|---|---|
Nørdre Knutsholstinden (2,185m) | 20.07.2014 | |
Vesle Knutsholstinden (2,205m) | 20.07.2014 | |
Langedalstinden (2,206m) | 20.07.2014 | |
Mesmogtinden (2,264m) | 20.07.2014 | |
Slettmarkhøe (2,190m) | 20.07.2014 | |
Nestnørdre Slettmarkhøe (2,086m) | 20.07.2014 | |
Nørdre Slettmarkhøe (2,071m) | 20.07.2014 | |
Slettmarkhøe S1 (2,150m) | 20.07.2014 | |
Slettmarkkampen (2,032m) | 20.07.2014 | |
Slettmarkpiggen (2,164m) | 20.07.2014 | |
Slettmarkpiggen Fortoppen (2,120m) | 20.07.2014 | |
Midtre Svartdalspiggen (2,065m) | 20.07.2014 | |
Søre Svartdalspiggen (2,065m) | 20.07.2014 |
Pakket sekk med mat og utstyr for ei overnatting, og parkerte ved Gjendesheim kl.6. Av erfaring visste eg at det var lurt å vere tidleg ute. Dagen før hadde visst første båt gått kl.7, og da hadde altså køa allereie passert 100 personer...1 time før båten egentlig skulle gå...
Kom meg uansett til Gjendesbu, og startet derfrå i 9-tida. Fulgte stien mot Fondsbu, men tok etterkvart av oppover i retning Slettmarkkampen. La frå meg den tunge sekken, og gjekk rett på sak. Den gule trekanten ned frå Slettmarkkampen var enkel å passere, men eg som er nesten 2 meter lang har nok ein fordel her...? Enkelt vidare, men luftig på og rett før Slettmarkpiggen.
Returnerte ned til sekken, og tok ei god matpause, før eg starta på den tunge bakken opp mot Slettmarkhøe. Tok det rolig oppover, og fylte stadig på med vatn. Kom til topps, og peila meg raskt inn på egga vidare. Der eg møtte eit uoverkomeleg hinder på egga fann eg ut at eg like gjerne kunne gå rett nedover. Ekkel og til dels laus ur her. God matpause nederst i dalen, før eg starta opp mot Søre Svartdalspiggen. Ingen store problemer opp her, og Midtre S. og Langedalstind var svært enkle. La frå meg sekken i skaret før eg gjekk mot Mesmogtind. Fulgte ei hylle litt for langt ut til høgre, og kom til slutt opp frå sør, men det gjekk jo det også. Returnerte tilbake til skaret, og kravla meg nedover laus ur og litt snø til eg stod i Kvitskaret. Her var det berre å gyve på nedover snøen, og eg var raskt nede i Svartdalen. Då hadde klokka passert 23, og det vart rask middag og natta.
Vakna til like bra vær, og starta raskt på turen oppover mot Vesle Knutholstinden. Tunge bein, og laus ur...ingen god kombinasjon. Lettelsen var stor då eg satte føttene på toppen av egga. Derfrå var det enkelt vidare til topps, men litt småluftig her og der. Rett ned igjen til sekken, og vidare mot Nørdre Knutholstind. Litt enklere ur å gå her, men stadig like tunge bein. Etter å ha tatt dei to toppane var eg bort og kikka på Nålene. Hadde ikkje med utstyr, og gadd ikkje prøve meg på Søre Nål. Eg ville dessuten ikkje risikere å miste siste båten kl.16...
Den vanlege brua over Vesleåe er forøvrig ødelagt av flaum, derfor må ein inntil videre gå den lange vegen bort til gamlebrua.
User comments
RÅTT
Written by Gunski 29.07.2016 22:42Du er jaggu rå, litt av en tur �
Et byks
Written by Olepetter 25.07.2014 16:57på lista - og herlig tur, det der! BRA du lot Søre nål være, slik at vi kan ta den i lag en gang - med tau.
Klarte du virkelig....
Written by knutsverre 22.07.2014 19:07alt dette på en dag, Jan Petter? Uansett - imponerende med så mange og til dels krevende bestigninger på kort tid. Gratulerer! Du avanserer raskt på PF30 listen!
Sv: Klarte du virkelig....
Written by JPV100 22.07.2014 22:34Nei, hadde overnatting ved vatnet i Svartdalen underveis. Har ikkje klart å endre datoen på dei tre siste toppane...
Men takk for det! Godt å sjå at enden på lista nærmer seg :)