Rundtur Tverrådalskyrkja og Tundradadalskyrkja i Breheimen (19.07.2014)

Skrevet av Eikås (Janne Eikås) GSM

Startsted Sota Sæter (750moh)
Sluttsted Sota Sæter (750moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 10t 24min
Distanse 32,2km
Høydemeter 2360m
Kart
Bestigninger Steinkollen (2020moh) 19.07.2014
Tundradalskyrkja (1970moh) 19.07.2014
Tundradalskyrkja Sørtoppen (1876moh) 19.07.2014
Tverrådalskyrkja (2088moh) 19.07.2014
Søre Tverrådalskyrkja (2034moh) 19.07.2014
Andre besøkte PBE'er Sota Sæter (745moh) 19.07.2014

Start frå idylliske Sota Sæter og eit kjempetriveleg vertskap frå Jorunn Svingen og mannen :) Nydeleg sommarver og 25 varmegrader allereie kl 10.00 Fint då å komme seg opp på høge toppar for litt nedkjøling...Litt seint i gang frå Sota Sæter kl 11.30 men så utruleg fint å nyte laang frukost med mange koppar kokemalt kaffe ved teltet :) Fulgte ein godt T-merka sti opp Steindalen og følgde fint brekanten oppe med Fortundalsbreen (ikkje behov for stegjern no) og vidare opp ein lettgått rygg til Tverrådalskyrkja 2088 moh Mange på tur til denne toppen idag også barnefamiliar. Fortsatte vidare ryggen til ende og plukka med Søre Tverrådalskyrkja 2034 moh og Steinkollen 2020 moh. For å komme rundt mot Tundradalskyrkja følgde vi brekanten og rygg ned mot Botnen og kryssa elveutløpet til bretunga. Kryssa litt opp og ned her for å finne ein fin overgang og over etterkvart litt tynne snøbruer. Gjekk fint og uten ufrivillig elvebading :) Ein god matstopp vart det her i solvarmen før turen gjekk vidare opp mot Søre Tundradalskyrkja og rygg vidare mot hovudtoppen. Ein nydeleg topp er Tundradalskyrkja med fint syn tilbake mot Tverrådalskyrkja og eit flott breområde. Eg brukar å sjekke GPS og oppdaga til stor fortviling at den ikkje var i sekken min lengre... Hugsar tilbake at eg sjekka referansen 1876 Søre Tundradalskyrkja. Håper og trur den ligg på varden der ein stad... Vona er at nokon finn ein GPS 60CSx :) Fint å gå ryggen ned frå Tundradalskyrkja 1970 moh og ned mot Steindalen att. Noko som seier meg at den bærer navnet sitt med rette :) Ein Superflott rundtur i vilt og flott område, ikkje anna å seie :) :)

eikås_img_0345_-_kopi.jpg
eikås_img_0352_-_kopi.jpg
eikås_img_0354.jpg
eikås_img_0357.jpg
eikås_img_0360.jpg
eikås_img_0376.jpg
eikås_img_0382.jpg
eikås_img_0384.jpg
eikås_img_0388.jpg

Turfølge Johan

Kommentarer

  • -
    avatar

    Fint tur!

    Skrevet av JPV100 23.07.2014 11:11

    Ser ut som de hadde ein flott tur! :) Eg har tenkt litt på å gå same runden i løpet av sommaren. Har breen smelta slik at ein slepp å gå innom Fortundalsbreen før ein startar opp mot egga? Og korleis er det å krysse breelva i botnen når siste snøbruene har smelta trur du?

    • -
      avatar

      Sv: Fint tur!

      Skrevet av Eikås 24.07.2014 21:51

      Hei :) Ja, det vart ein super rund tur, absolutt å anbefale den ruta :) Ingen problem med breen, fin snø å følge kanten. Pga av varmen trur eg nok smeltinga frå breen var litt ekstra, men det gjekk fint, berre å gje seg litt tid :) Om du tek rundturen må du kike etter GPS min :) Den ligg nok ein plass mellom Søre Tundradalskyrkja og Hoved toppen. Det hadde vore stas om ein kvann fant den :) God Tur Sommer :)

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Fint tur!

        Skrevet av JPV100 25.07.2014 12:53
Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.