Start frå Hotell Union, to toppar var dagens turmål. Følgde sti ved elveryggen og oppover mot Konedalen, god sti og vardemerkingar. Kryssing av elva lengre oppe, kan vere litt vanskeleg om stor vassføring, greit å være obs på. Også dette er to nydelege toppar som ein bør ha med som fjellopplevelsar :) Mange både yngre og andre... var på toppen av Jakta idag :) ikkje så rart i eit så flott ver :) Det var spesiellt varmt og fint ver denne dagen også, men nesten litt trykkjande....Noko som på slutten av turen, viste seg å bli eit skikkeleg sommar torden ver med påfølgjande haggelbyge av det kraftige slaget!! På veg ned frå Risnosa høyrdest skralla, og det gav verkeleg gjenklang i fjella!!!! Nede ved utgangspunktet fekk ein vite att lynet virkeleg hadde slege ned, såpass at vegen ned til Norangsdalen var stengd ei lita stund. Det hadde rasa stein ut i vegbana, sommarfloa varde berre ei lita stund og så var lufta klar og himmelen var atter blå, med nye løfter for ein ny og flott turdag i fint sommarver :)
User comments