Rivenoskulen og dag to i Breheimen (20.07.2014)

Geschrieben von Eikås (Janne Eikås) GSM

Startpunkt Mysubytta (850m)
Endpunkt Mysubytta (850m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 8h 11min
Entfernung 24,8km
Höhenmeter 1.960m
Karte
Besteigungen Rivenoskulen (1.943m) 20.07.2014
Røykeskålhøi (1.536m) 20.07.2014
Røykjeskarhøi (1.808m) 20.07.2014
Syrbyttnosi (1.700m) 20.07.2014

Når ein først er i eit så flott område og veret spelar på lag, så må ein utforske området noko meir:) Så då vart Rivenoskulen eit godt alternativ, køyrde vidare bomveg inn til Mysubytta frå Sota Sæter kr 40,- Eit utruleg idyllisk område med spesielt stor furuskog og mange på sykkel og søndagstur innover dalen i godveret. Inne ved Mysubytta og Støylsområdet følgde vi over brua og i merka sti eit stykke. Så tok vi av stien rett mot dalføret Sumarkvila, etter først å ha vassa over elva her. Fant ikkje side sti eller bru over elv mot dalen frå dette området. Men greit terreng å gå i, litt dyretrakk enkelte stader. I dalføret og oppe i Sumarkvila, var det berre å nyte skiva med kvitost og dalen som kler sitt navn ein sånn dag :) Følgde elva eit lite stykke opp, så tok vi av mot vest og gjekk ryggen rett opp til Syrtbyttnosi 1700 moh (artige navn i desse områda..) På toppen der var det berre å studere den lange snø og brebakken opp mot Rivenoskulen...den såg verkeleg laang ut!! Men det er då det gjeld å ommøblere psyken litt.. :) Tippa ca ein time gange mellom topp punkta, noko som stemde bra om ikkje Heilnøtt-plata måtte fram i fem min. :) PS. snøbakken lyg litt!! Gjekk ryggen ned og mot Isvatnet, og vidare fin oppgang med spesielle hyllesva og utruleg lettgått terreng opp mot Røykjeskarhøi 1808 moh . Mykje stein ligg i botnen med vatna, breen må nok ha jobba bra på her og trekt seg godt tilbake dei siste åra, litt av eit vill område!! På toppen av Røykjeskarhøi 1808 m fant vi ut at denne toppen fortente ein aldri så liten varde. Det vart bygging på gang...men greit med litt avveksling i gåinga :) Rusla vidare og sklei fint på småbreane (Vestre Kollebreen) ned mot Røykeskålhøi 1536 m og ned til ny elvekryssing. Superfin rundtur og ikkje heilt lik gårdsdagens rundtur, som gjekk til Tverrådalskyrkja og Tundradalskyrkja. Alltid kjekt med variasjon :):)

eikås_img_0393.jpg
eikås_img_0394.jpg
eikås_img_0414.jpg
eikås_img_0409_-_kopi.jpg
eikås_img_0412_-_kopi.jpg
eikås_img_0418.jpg

Turfølge Johan

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.