Tåga og Innerdalstårnet (11.07.2014)
Geschrieben von kolla (Kolbjørn Tjessem)
Besteigungen | Innerdalstårnet (1.452m) | 11.07.2014 |
---|---|---|
Såtbakkollen (1.632m) | 11.07.2014 | |
Tåga (1.840m) | 11.07.2014 | |
Tårnfjellet (1.521m) | 11.07.2014 |
Fra Innerdalen gjekk eg opp stien til Storvatnet. Mange folk på tur denne varme sommardagen og som venta skulle alle andre opp mot Innerdalstårnet, mens eg fortsatte vidare sørover til Langvatnet. Herfra gjekk eg på skrå oppover mot Såtbakkkollen (som det står på nye kart). Derfra videre nordover gjennom eit skar med enkel klyving og så videre over 1774-punktet til Tåga (som før heitte Såtbakkollen). Stup mot nord og aust så det passer ikkje å kalle denne toppen for ein kolle. Fryktelig disig luft så utsikten var begredelig, men kunne sjå både Snota og Snøhetta bl.a.
Etter ein lengre pause gjekk eg eggen vidare vest og nordover. Eit bratt parti på eggen måtte eg omgå i vestsida. Enkel klyving det øverste partiet på sørsida av Tårnfjellet. Stort platå her oppe som eg gjekk over før bratt nedstigning over mosegrode steiner til skaret mot Innerdalstårnet. Så var det igjen enkel klyving opp til Innerdalstårnet. Traff på ein mann med to jentunger her som for sikkerhets skuld valgte å gå ned uten å ha vore på toppen. Det er noko utsatte svapartier halvegs opp fra skaret. Oppe på toppryggen traff eg på to unge karer som hadde klatra opp vestveggen. Vardeboka på toppen vitner om at dette er ein særs populær topp sommarstid. På veg ned traff eg på nok eit par som var på veg opp. Uvant for meg å treffe folk på veg opp når eg er på veg ned. Ganske bratte grusrenner ned til Storvatnet, men tydeligvis farbart for vanlige folk. Var nede i Innerdalen igjen etter snaut 12t.
Benutzerkommentare