Blåbotnhalsen og Slotthøene (22.07.2014)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Map
Ascents Blåbotnhalsen (1,659m) 22.07.2014
Blåbotnhalsen øst (1,643m) 22.07.2014
Inste Snøholetind (1,746m) 22.07.2014
Slotthøa Nord (1,837m) 22.07.2014
Slotthøa Sør (1,833m) 22.07.2014
Slotthøa Sørøst (1,747m) 22.07.2014

Fra demningen i austenden av Reinsvatnet gjekk eg stien mot Reinsvassbu eit stykke før eg gjekk opp nordaustryggen til Blåbotnhalsen og nordvestover opp til skaret aust for Slotthøa Sør. Var så oppom dei austlige toppunkta før eg gjekk opp på 1833-toppen. Videre nordvestover på brei egg som gradvis smalner av. Rett før eggens lågaste punkt er eggen så skarp at eg måtte sette meg skrevs over og ri ned ca 10-15 m. Akkurat på lågaste punktet er eggen breidere igjen men må klyves ned og opp i et hakk. Greit videre nordvestover og opp i vestsida på Slotthøa Nord. Herfra gjekk eg ned i austsida og mellom dei to breane. Dette er ein bre som i seinare tid har smelta i to. Greit å gå på morenemasser ned til vestsida av tjern 1223 og så på skrå nordaustover til eg kom inn på stien til Reinsvassbu som eg fulgte tilbake til demningen ved Reinsvatnet. 14t rundtur.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.

Advertisement