Grønvassnosi (02.08.2014)
Written by JonnyA (Jonny Asperheim)
Start point | Murane (1,040m) |
---|---|
Endpoint | Murane (1,040m) |
Characteristic | Hillwalk |
Distance | 15.4km |
Vertical meters | 893m |
GPS |
Ascents | Grønvassnosi (1,598m) | 02.08.2014 |
---|
Grønvassnosi
Kl. 10.00 parkerte me ved avkøyrsla til stølen Murane i Fardalen. Målet for dagen var Grønvassnosi. Dette er ein av 63 toppunkt i Årdal kommune med pf 100.
Grønvassnosi er ein grensetopp mellom Årdal og Luster og ligg 1598 meter over havet. Med på turen var Karin, broren Idar og eg.
Me tok opp på vestsida av brua der Tindevegen kryssar Fardøla, passerte Johannanosi og runda innover til Kvannegrø.
Der tok me opp ei tydleg skor i fjellsida der ein kan velja urd eller gras til underlag. Me gjekk opp grasbakkane og det gjekk fint. Vel oppe på ei flate med ei fin tjørn skrådde me oppover til venstre for å koma oss oss opp på fjellryggen. Deretter var det greitt å gå innover høgdene mot dagens mål.
Kl 13 stod me alle på toppen. Det var flott utsikt mot Falkanosi (Luster) rett i sør og Korenosi tvers over Langedalen i aust. Elles ser ein både Skorsfjellet, Byttejuv og Gruvefjellet, for ikkje å gløyma Aystabotntindane som ein har med seg heile vegen.
På heile vegen opp hadde torever og regn pusta oss i nakken, men når me kom på toppen løyste det seg litt opp. Regnvåt steinurd med kartlav er ikkje det beste underlag ein kan ynskja seg.
Difor vart det vedteke at me skulle ta returen via Årdalslangedalen. Me gjekk fjellryggen ned mot Hyttedalsvatnet med flott utsikt mot Jervvatnet og runda ned i dalen så kjapt det let seg gjera, og då kom regnet. Godt var det då å vera ferdig med steinurdane.
Det var triveleg å gå nedover den frodige Årdalslangedalen sjølv om det vart noko regn. Sauene stira på oss og lurte sjølvsagt kva slags tullingar dette var. Me tok ein snarveg over myrane ved Kroken det siste stykket og var ned att ved bilen kl. 15.48.
Ein herleg tur i Årdalsfjella som kan anbefalast, men hugs kart og kompass og evt GPS. Greitt å ha dersom veret skulle verta dårleg.
User comments