Raudbergsnuten og Fossektraversen (08.08.2014)
Written by JonnyA (Jonny Asperheim)
Ascents | Fosseken (1,734m) | 08.08.2014 |
---|---|---|
Nordvest for Fosseken (1,688m) | 08.08.2014 | |
Fosseken sørøst (1,693m) | 08.08.2014 | |
Raudbergsnuten (1,807m) | 08.08.2014 |
Raudbergsnuten, like mektig og flott frå alle kantar.
Raudbergsnuten er eit fjell som har stått på besøkslista i fleire år. No var tida inne til å ta turen. Utgangspunktet for turen var Sluten på Filefjell. Anleggsvegen opp Valdresdalen kan ein gå, sykla eller om ein er heldig få haik med nokon som har lov å køyra bil her.
Alternativt kan ein gå Slutedalen.
Sjølve toppturen for Jon Einemo og meg starta ved utløpsenden av Nedre Vikadalsvatnet. Me tok opp dalføret rett nordover mot høgde 1572, runda denne på austsida og dreia til nordvest via ein liten dalbotn. Deretter rett mot søkket like under toppen. Her var ei naturleg renne med raudt fjell i kanten av brefonna der det var fint å koma opp.
Tåkeskyer som dreiv litt, hindra den store utsikten, men det var likevel flott endeleg å koma opp på denne toppen. Etter ein matbit ved varden i aldeles vindstilla, gjekk me alle høgdene bortover ”Fossek-traversen.” (1688, 1734 og 1693).Vel ferdig med høgdepunkta, runda me ned att dalføret aust for 1734 og fylgde austsida av bekken heilt ned att til anleggsvegen.
Raudbergsnuten og "Fossek-traversen"
User comments