Archive - Date
Archive - Activity
Peakbook-Friends
So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.
Tisedalshøgda
- Date:
- 10.04.2015
Starta frå Seimsdalen hjå Jonny Asterheim som var turleiar. Kjøyrde til garden Fornabo i Ofredalen og snakka med Erik Skogli, som ga oss tips korleis det var best å gå om vinteren. Vi gjekk oppover til stølen Fagerbu, der det vart litt mat og drikke i finveret. Videre oppover og under Varanosi. Der møtte vi vinden rett i mot. Ved Tisedalsvatnet stilna det, og på toppen av Tisedalshøgda var det blekk stille og ein nydeleg utsikt blandt anna vestover mot Hafslovatnet, og i nordaust Ingebjørgfjellet. Jonny kontrollmålte kor høgt vi var før vi sette utfor att. Vi tok det med ro nedover og i 17-tida var vi nede att hjå Erik, der vi måtte fortelja om den fine turen.