Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Skorvå

Date:
22.10.2016

Fin hausttur til Skorvå med start frå p-plass på Kleivaland. Me følgde vegen mot Trodla-Tysdal til Helgaland. Derifrå kryssa me brua og følgde driftavegen omlag 500 m. Ved brua tok me av frå driftavegen og følgde stien mot sør gjennom Svandal. Denne stien er delvis merka med nødlingar. Når ein kjem så langt at ein ser ut mot Øvre Tysdalsvatn og Trodla-Tysdal tek ein bratt opp lia mot vest og opp til Annastøl. Annastøl ligg vakkert til ved foten av Skorva med utsikt til Trodla-Tysdal og austover i heia. Frå Annastøl er det ein snau kilometer mot nordvest til toppen på Skorva. Flott utsikt til alle kanter. Herifrå gjekk me på nødla (varda) sti mot nordvest til Graslia, vidare ned Graslia til Storsteinvatnet. Me kryssa over i utløpsosen og langs Undestølsvatnet til osen. >>>

Map    

Store Kurlenuten

Date:
11.09.2016
Map    

Urdavassnutane - på reinsjakt-

Date:
31.08.2016

Turen var ein dagstur på reinsdyrjakt. Me køyrde bil til Sandvatnet, Herifrå starta me og gjekk opp Sandvassbrekka og over Meien. Vidare kryssa me Meien og opp mot topp på 1312 moh som ligg på fylkesgrensa mellom Rogaland og Aust-Agder, mellom Suldal kommune og Bykle kommune. Herifrå gjekk me vidare over mot Førsvassskori og Urdavassnutane. Herifrå gjekk me tilbake mot Meiadalen. Under Urdavassnuten kjem der eit dalsøkk som går ned mot Urdaskaret. På nordsida av dette dalsøkket startar ein nølt (varda) sti som går ned Klauvskeiberga og ned til bekken rett aust for turistruta som går mellom Bleskestadmoen og Bykle. Vidare herifrå gjekk me tilbake til Sandvatnet. Følgde turistruta frå Reinskvelven og opp til vegen.

Map    

Buren

Date:
20.08.2016

Buren er ein av veldig mange toppar på Kvaløya,men lett tilgjengeleg og ein nokså kort tur. Turen vår starta frå p-plass i Ersfjordbotn. Ikkje så bratt i starten, men siste strekket er rett opp i ura. Belønninga er ein luftig topp, med fabelaktig utsikt utover toppar og tindar på Kvaløya og utover Erfjorden mot storhavet. Her får ein kjensla av å vera virkeleg høgt oppe, sjølv om toppen ikkje er høgare enn 802 moh. Det er jammen flott i Troms!

Map    

Tromsdalstind

Date:
19.08.2016

Flott topptur i Tromsø. Bynær tur med utgangspunkt rett i utkanten av bebyggelsen i Tromsdalen-Eg trur utgagnspunktet for vår tur blir kalla Grinda. Starten av turen gjekk på grusveg før den går over i ein god sti oppover lia. Snart var me oppe av skogen og kunne halda fram i ope og fritt terreng opp mot egga. Me gjekk opp eggen frå vestsida. Bratt den siste biten, men ein flott tur med storslagen utsikt. Turen ned gjekk langs eggen og ned dalen igjen til skogsvegen.

Map    

Tofjell

Date:
10.08.2016
Map    

Eikefjellet -Halsne

Date:
04.08.2016

På båtferie i Ryfylke låg me i hamn i Skartveitvågen på Halsne. Då låg det godt til rette for ein tur til Eikefjellet, som er høgaste toppen på øya. Det er merka rundløype frå Skartveitvågen. Denne dagen var det veldig blautt etter svært mykje regn dei siste dagane, men likevel ein fin tur. Heile rundturen tok omlag 1,5 - 2 timar.

Map    

Svadbergfjellet

Date:
31.07.2016

Turen starta på Svadberg og går bratt oppover på Stølavegen opp til Stølen. Før me kom opp til husa på Stølen tok me av til venstre og følgde traktorveg snautt 100m fram til bru over elva. Denne dagen var elva flaumstor og det var naudsynt å nytte brua for å krysse elva. Me følgde traktorvegen vidare innover dalen og opp lia mot toppen. Eit stykke opp i lia var det slutt på vegen og me følgde skaret og bekken opp mot toppen. Nesten oppe dreidde med utover og kryssa gjerdet før me følgde ryggen opp på toppen av fjellet. Etter 458 m nærast rett opp fekk me ei flott utsikt over Årdals-bygda og utover fjorden, og mot fjella i aust og sør. Me fann ingen sti, og turen var litt bratt og kronglete på toppen, men elles ein fin tur. Brukte omlag 1,5 time tur-retur Svadberg.

Map    

Glos

Date:
12.07.2016

Lauvåsen

Date:
20.06.2016
Map