Archive - Date
Archive - Activity
-
Climbing (2)
- Alpine climbing (2)
- Other trip (31)
-
Other winter trip (2)
- Snowshoe trip (2)
-
Ski trip (410)
- Backcountry skiing (64)
- Randonnée/Telemark (345)
-
Trip by foot (1077)
- Alpine trip (1)
- Hike (274)
- Hillwalk (772)
- Jogging (2)
- Walk (2)
Collected lists
- Stryn ≥ 50m pf
- Sunnmøre ≥ 100m pf.
- Stranda ≥ 50m pf
- Gloppen PF>50
- Øytopper i Møre og Romsdal
- Herøy ≥ 50m pf.
- Stordal ≥ 100m pf.
- Ørsta ≥ 50m pf
- Ørskoghalvøya p.f. >= 100 m
- Herøy ≥ 100m pf.
- Vestnes ≥ 100m pf.
- Ørskog ≥ 100m pf.
- Sykkylven ≥ 100m pf.
- Møre og Romsdal kommunetopper
- Nordfjord 50m pf
- Møre og Romsdal ≥ 100m pf.
- Møre og Romsdal ≥ 500m pf.
- Rauma ≥ 100m pf.
- Romsdal ≥ 100m pf.
- Rindal ≥ 100m pf.
Favourite trips
Favourite peaks
Finnmark: Laksefjordvidda 2009
- Date:
- 26.06.2009
- Characteristic:
- Fishing
- Duration:
- 280:00h
Laksefjordvidda er eit område eg håpar å kome tilbake til. Lange turar utan stress og med godt fiske. I 2009 var den foreløpig siste turen, etter det har vel toppsamlinga tatt over. Lise og eg vart plukka opp på flyplassen i Alta av 2 turmotiverte karar frå Kvænangen. Hallgeir hadde vi ikkje møtt før. Dette vart ein 12 dagers tur til/frå Tana elv. Min fjerde langtur på Laksefjordvidda. Gjekk første dag nordover mot Baisjavri. Stien er innteikna på kartet og går over Viddasoaivi. Mykje kaldt nordaver denne turen men likavel godt fiske. Vidare mot Miennajavrrit. Her miste Lise sin livs ørret i eit bikkjekaldt nordaver. Fantastisk område med småvatn, vikar og geniale fiskeplassar. Vidare nordover ei lang runde, det er berre å velge og vrake i eit utall vatn. Fisk til middag kvar >>>
Finnmark: Laksefjordvidda 2008
- Date:
- 25.06.2008
- Characteristic:
- Fishing
9 dagers tur frå/til Sirbma. Gjekk tidleg på sesongen ca 25 juni. Dette er gunstig med tanke på insekt, og det er bortimot sikkert å ikkje møte folk. (med unntak av fastboande då). Frå Sirbma er det ATV-spor langt innover og veldig lett å gå. Vi hadde fantastiske dagar denne sommaren. Lise fekk være med Trond Are og meg på Laksefjorvidda, eit område ho ikkje hadde besøkt tidlegare. Og endeleg fekk ho fisk, og det til de grader! Då vi kom tilbake til Sirmba sat det 3 halvfeite trøndere med store sekkar i veikanten. Dei var i ferd med å leige seg ATV-transport innover. Det var nummeret før dei fekk fingeren med oss. Det er berre 5 timar å gå sa vi, få fart på beina!
Finnmark: Stabbursdalen
- Date:
- 24.06.2006
- Characteristic:
- Fishing
11 dagers tur frå Sennalandet til Lakselv. Gjekk sørover frå Sennalandet saman med Kjetil frå Ørsta, ein kollektivkompis frå Voldatida. Han snudde nordigjen til jobb etter 2 dagar. Gjekk åleine vidare sørover til Tvillingvannan der eg møtte Trine og Trond Are som kom frå Stilla. Det var eit godt gjensyn, hadde ikkje sett dei på eit år. Gjekk nordover igjen og fulgte vassdraget ned til Austmo. Buss til Alta. Det store fisket vart det ikkje, men fekk til mat. Nest siste dag gjekk vi ein veldig lang etappe i eit grisever utan sidestykke. Trond Are hadde sjølvsagt ei gamme i tankane, og heldigvis fann vi den. Her fekk vi fyrt opp og tørka både oss sjølve og utstyret.