Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Finnmark: Laksefjordvidda 2009

Dato:
26.06.2009
Turtype:
Fisketur
Turlengde:
280:00t

Laksefjordvidda er eit område eg håpar å kome tilbake til. Lange turar utan stress og med godt fiske. I 2009 var den foreløpig siste turen, etter det har vel toppsamlinga tatt over. Lise og eg vart plukka opp på flyplassen i Alta av 2 turmotiverte karar frå Kvænangen. Hallgeir hadde vi ikkje møtt før. Dette vart ein 12 dagers tur til/frå Tana elv. Min fjerde langtur på Laksefjordvidda. Gjekk første dag nordover mot Baisjavri. Stien er innteikna på kartet og går over Viddasoaivi. Mykje kaldt nordaver denne turen men likavel godt fiske. Vidare mot Miennajavrrit. Her miste Lise sin livs ørret i eit bikkjekaldt nordaver. Fantastisk område med småvatn, vikar og geniale fiskeplassar. Vidare nordover ei lang runde, det er berre å velge og vrake i eit utall vatn. Fisk til middag kvar >>>

Finnmark: Laksefjordvidda 2008

Dato:
25.06.2008
Turtype:
Fisketur

9 dagers tur frå/til Sirbma. Gjekk tidleg på sesongen ca 25 juni. Dette er gunstig med tanke på insekt, og det er bortimot sikkert å ikkje møte folk. (med unntak av fastboande då). Frå Sirbma er det ATV-spor langt innover og veldig lett å gå. Vi hadde fantastiske dagar denne sommaren. Lise fekk være med Trond Are og meg på Laksefjorvidda, eit område ho ikkje hadde besøkt tidlegare. Og endeleg fekk ho fisk, og det til de grader! Då vi kom tilbake til Sirmba sat det 3 halvfeite trøndere med store sekkar i veikanten. Dei var i ferd med å leige seg ATV-transport innover. Det var nummeret før dei fekk fingeren med oss. Det er berre 5 timar å gå sa vi, få fart på beina!

Finnmark: Stabbursdalen

Dato:
24.06.2006
Turtype:
Fisketur

11 dagers tur frå Sennalandet til Lakselv. Gjekk sørover frå Sennalandet saman med Kjetil frå Ørsta, ein kollektivkompis frå Voldatida. Han snudde nordigjen til jobb etter 2 dagar. Gjekk åleine vidare sørover til Tvillingvannan der eg møtte Trine og Trond Are som kom frå Stilla. Det var eit godt gjensyn, hadde ikkje sett dei på eit år. Gjekk nordover igjen og fulgte vassdraget ned til Austmo. Buss til Alta. Det store fisket vart det ikkje, men fekk til mat. Nest siste dag gjekk vi ein veldig lang etappe i eit grisever utan sidestykke. Trond Are hadde sjølvsagt ei gamme i tankane, og heldigvis fann vi den. Her fekk vi fyrt opp og tørka både oss sjølve og utstyret.

Kart    

Kvænangen: Fisketur rundt Lappastridig

Dato:
13.08.2005
Turtype:
Fisketur
Kart    

Kvænangen/Alta: Burfjord->Alta

Dato:
13.08.2003
Turtype:
Fisketur

Finnmark: Sørøya frå nord til sør på 10 dagar

Dato:
05.08.2003
Turtype:
Fisketur
Kart    

Loppa/Kvænangen: Frå Seglvik til Reinfjord

Dato:
01.08.2003
Turtype:
Fisketur
Kart    

Alta: Helligfjellet og Konespennefjellet

Dato:
28.07.2003
Turtype:
Fisketur
Kart    

Gamvik: Fisketur til Risfjorden

Dato:
03.07.2003
Turtype:
Fisketur

Finnmark: Laksefjordvidda

Dato:
23.06.2003
Turtype:
Fisketur