Ferdig på jobb, helg, sommerdag og på veg heim til Sula ein tur. Hadde plutseleg god tid til ferga, for alle stoppa i vegprosjekt E-39 ved Sande og utover til Lavik gjekk radigare enn forventa. Fint å få nokre avbrekk i lang bilkøyring og nyte ei sjeldan varm sommersol. Tok av frå Rv og følgde vegen oppover ifrå skiltet Handalen 2 km ved Leirvik senter. Parkert ved fjøset som stod Løvås på og fortsette grusvegen opp til eit koseleg lite hus med sommergjester i. Dei kunne då fortelle at eg ikkje var den første som hadde eit "ærend" ute etter denne toppen :) Lite sti å finne til denne...forventa ein del flått her.....og ganske riktig!! 5-7 stk var på tur på meg... men dei fekk rett og slett ikkje muligheit til å vurdere noko alternativ i det heile. Det var berre å stålsette seg til neste flåttangrep på topp Bøheia.....
Benutzerkommentare
Kein Titel
Geschrieben von ligroenb 29.06.2015 21:40Sannsynligvis en av de raskeste 100 pf toppene :-)