Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Anzeige

Facebook

Sanddalsfjellet til slutt :)

Datum:
04.01.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
8,8km

Lite snø i fjella og ski lysta stor og vi er nesten einig om kor grensa går på skibæring....eit lite sprik er det kanskje..!! ;) :) Det enda med ein biltur rundt Jølstravatnet før vi bestemte oss for Sanddalsfjellet i Sandalen. Vi hadde også rukket ein tur innom det nye heimebakeriet "Erketunet bakeri" i Gjesdalen på Vassenden og kjøpt mange gode boller til turen :) Superfin tur ilag med Brit Siv

Karte    

Grovabreen 1 Nyttårsdag!

Datum:
01.01.2016
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
10,5km

Etter ei stille og roleg nyttårsfeiring med påfølgande lang frukost 1 Nyttårsdag, nydeleg ver og eit lite melisdryss med snø. Så var det eit greit valg å legge turen til Grovabreen, ved å starte så høgt slepp ein gjerne å bære skia så langt! Vi starta å gå ifrå Dvergsdalen kl 15.00 og fekk vinter blåtimen som tilslutt gjekk over i ein tindrande stjernehimmel. Vi prøvde bevisst å ikkje bruke hodelyktene så langt som mulig og kom oss opp på breen uten. Det var eit perfekt føre å renne ned att, det lille melisdrysset hadde gjort underverk på den avblåste og skarete snøen! Fin tur ilag med Brit Siv og Stein

Olahansfjellet

Datum:
27.12.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
8,7km

Nokolunde greit skiføre...til tross for at vinden hadde jobba litt!! Kunne jo ha ønska litt meir snø men kjekt på tur er det uansett :) Vinden ruska litt oppover ryggen og mot toppen! men vi er då vant med vind ifrå kysten så dette var heilt innafor!! Superfin tur ilag med Mikael Johansen, Brit Siv Fimland og Kjell Lyngstad

Karte    

Jølsterfjell 2 Juledag

Datum:
26.12.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:30h
Entfernung:
11,5km

Tradisjon tru....så satser vi på å få til fine fellesturar i Jula! Denne gangen var det berre perfekt føre, blikkstille på toppen, vintersolstrålar som varma og ein utruleg samkøyrt turgjeng :) Det var rett og slett tidenes drøm av ein tur, nedrenn og heimtur! Fint turfølge ilag med Brit Siv Fimland, Kjell Lyngstad, Ole Christian Solheim, Anna Tefre, Tom Richard Grimstad og Ingvald Kvåle

Karte    

Tindefjellet

Datum:
16.12.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
11,2km

Fin Obstur ilag med Brit Siv

Karte    

Nydelege dagar og kongeføre på Eikåsnipa

Datum:
15.12.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
5,2km

Karte    

Kveldstur Eikåsnipa

Datum:
14.12.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
5,2km

Karte    

Skåfjellet og tidenes vintertur i Jølsterfjell

Datum:
13.12.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:54h
Entfernung:
11,4km

Då kom endeleg det vi hadde venta på...Brit Siv visste at dette var ein topp som eg hadde tenkt på ei stund og at den er perfekt som skitur med eit vanvittig flott nedrenn! Hadde bestemt oss for å nyte heile dagen og vi starta frå Lyngstad 09.30 der vi fekk med oss morgenstemninga med sola som kom som gull på toppane! Ein hærleg dag i fjellet med mykje tid til fotografering, det var rett og slett "digg" nedkøyring i puddersnø til kne`s med ganske så solide forhold! Turfølge Brit Siv og Ingvald

Karte    

Eikåsnipa

Datum:
12.12.2015
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
5,2km
Karte    

Olahansfjellet

Datum:
08.12.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
8,7km

Eit lite lysglimt mellom lavtrykka og då er ingen av oss i tvil på kva som er prioritet, stjerneklart og nokre glimt av nordlys kunne vi nyte. Vi møtte to karar på veg opp og fleire hadde nok tenkt samme tanke som vi, sidan det sto fullt med bilar på parkeringa då vi kom ned. Dette vart min første skitur på denne sida av året. Fin tur ilag med Brit Siv, Ina og Majo

Karte