Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Lundsfjellet i Rauma

Datum:
01.03.2016
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
2,5km

Etter turen på Gausnestoppen, var planen å rekke både Lundsfjellet og Nøta. Tida går så alt for fort når ein rotar på og kosar seg med nye toppar og stader. Det avtalte klokkeslettet for familiebesøk på Vågstranda var gått over tida for lengst :) Så Nøta fekk heller vente til heimatt turen. Fint å parkere nede i bukta ved garden under Brudeskaret, skilta og merka tursti til begge toppane.

Karte    

Gausnestoppen med noko ubehag!!

Datum:
01.03.2016
Tourcharakter:
Schneeschuhtour
Entfernung:
2,7km

Skogsveg og anleggsveg til Gausnestoppen, ein grei veg å luffe oppover og vidare forbi Gausnesgarden. Topp punktet var ikkje vanskeleg å legge merke til...Likar meg dårleg under sånne linjer og denne gangen var heller ingen unntak! Ekstrem spenning og knitring mellom linjene som var til å føle og kjenne på...merka eit fysisk ubehag og pulsen rasa!! Ellers er det jo alltid kjekt og spennande å finne nye topper og områder!

Karte    

Frisvollfjellet i Rauma

Datum:
05.12.2015
Tourlänge:
1:04h
Entfernung:
3,6km

Passeleg fin luftetur på ein skogstopp i ruskeveret... Turfølge Stein

Karte    

Skarven i Rauma

Datum:
04.12.2015
Tourcharakter:
Schneeschuhtour
Tourlänge:
2:50h
Entfernung:
6,9km

Eit aldri så lite vervindu nokre timar, mellom lavtrykk og stormsenter. Ein superfin dag både for to og firbeinte :) Akkurat litt for lite snø til at eg ville ha dratt på meg skiutstyret!! men fint å baske på med truger også..... Følgde galant spora til ein som absolutt må ha meint at ski sesongen var på gong :) Fin tur ilag med Stein og Co...

Karte    

Veten i Rauma

Datum:
29.11.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:19h
Entfernung:
4,9km
Karte    

Hovdekollen

Datum:
28.11.2015
Tourlänge:
0:55h
Entfernung:
3,1km

Karte    

Mot Råna frå Urke

Datum:
08.11.2015
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
5:26h
Entfernung:
10,2km

Det var komt nysnø på toppane frå natt til søndag og den ville komplisere turen mot Råna. Visste at det var eit utsatt punkt på Sørvesteggen på Midtre Regndalstind men vi bestemte oss for å prøve ut toppane allikavel. Mildt og fint etter årstid nede i dalen men det var råsete vind som hvirvla nysnøen der oppe på dei majestetiske tindane. Svaene oppe i Nordkopskaret var glatte, nysnøen hadde lagt seg ned til ryggen ved skaret på ca 1080 moh. Gjekk fint å gå opp til hammaren på sørvesteggen, men det var sleipt, glatt og isete. Det hadde gått med stor forsiktigheit å passere, men på returen ville det være mørkt og då med hodelykt og det var utsatt. Vi bestemte oss for ikkje å ta den risikoen og var skjønt einige om at det kunne bli ein superfin sommertur og då få >>>

Dalmannshornet

Datum:
07.11.2015
Tourlänge:
4:02h
Entfernung:
10,6km

Frå Jølster tidleg med eit fantastisk morgenlys og stille på vegane. Fint å rekke ein sånn kremtopp i dagslys, det mørknar fort og allerede i femtida. Parkerte på Liasætra og der var det mange som skulle på fjelltur, dei tok alle av stien mot Patchellhytta der det er Ca 6 km frå Liasætra. Så eg hadde fjellet, dalområdet og utsikta for meg sjølv....!! Heilt supert det og :)

Karte    

Lauparen

Datum:
27.09.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
15,3km

Ein anbefalt tur....Dronning Sonja skal ha vore på denne også :) Heldig med veret denne dagen og mange på tur i ein godt merka sti til toppen ifrå Grytalisætra. Turfølge Stein

Karte    

Aksla i Ålesund

Datum:
26.09.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
4,6km

Fin liten ettermiddagstur og litt artig variant å gå dei fine trappene opp frå sentrum! Turfølge Stein

Karte