Gråhø (09.08.2015)


Karte
Besteigungen Gråhø (1.157m) 09.08.2015
Vangstulkampen (1.624m) 09.08.2015

Gråhøtur.
Startpunkt: Nysetra

Valde lågsko på denne turen. Det viste seg å være ein bommert etter berre eit par hundre meter. Sidan vart det verre. Kjørr, mygg, myr, klegg, knott, fluer, tett bjørkeskog og manglande råk gjorde turen svært minneverdig. Kan trygt erklære Skåbu som staden Gud gløymde og Fanden forlot på grunn av all udotten.
Anbefaler eventuelt andre ekspedisjonar til Gråhø å byrje frå Murudalsetrin.
Vil heller gjennomgå dei evige pinsler i niande sirkel til Dantes Inferno enn å opphalde meg
eit minutt meir i den lia. Insektangrep i det myrhe***te kan fjerne meir vekt frå ein stakkar på fem minutt enn kvakksalvarkurane til Grete Roede, Fedon Lindberg og Dr. Atkins klarer på eit heilt år.
Enda bra det snart er vinter att.

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Hva?!

    Geschrieben von waaktaar 09.08.2015 23:18

    Har det vært sommer allerede?

    • -
      avatar

      Sv: Hva?!

      Geschrieben von Garm 10.08.2015 06:26

      Det har ikkje eg sagt noko om. Eg berre konstaterer at vi får herleg kvitt gull ovanfrå snart.

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.