Falketind via pionerruta (17.09.2011)


Karte
Besteigungen Falketind (2.067m) 17.09.2011
Stølsnostinden (2.074m) 17.09.2011
Austre Stølsnostinden (1.966m) 17.09.2011
Midtre Stølsnostinden (2.001m) 17.09.2011

Etter eit besøk på Falketind i fjor har pionerruta stått høgt på ønskjelista så da Signar (Signar Andre Nilsen) & Martine annonserte sine planer for Falketind var eg raskt ute med å melde min deltakelse. Har vært med Signar på nokre turer no og trudde eg kjente han godt nok til å vite at enklaste veg utgjekk, ergo var kun pionerruta aktuell. Men dengong ei. Snø i Heimen hadde fått Signar på andre tanker og ein ny tur inn Morkadalen stod klar. Falketind er no likevel ein kremtopp og i tillegg mangla eg Stølsnostinder så å trekke seg var uaktuelt.
Vi møttes på Tyinholmen halv ni laurdagsmorgonen og turen gjekk raskt inn til Koldedalsvatnet på bra veg. I tillegg til meg, Martine & Signar hadde også Janne frå Jølster og Johan frå Oppdal valgt å slå følge på turen.
Inne i Koldedalen oppdaga vi raskt at pionerruta låg soleksponert til og difor fri for snø og utan noko større diskusjon var rutevalget vårt plutseleg lagt om til pionerruta.

Falketind. Pionerruta går opp litt til høgre for midten av bilete.
Falketind. Pionerruta går opp litt til høgre for midten av bilete.

Samtidig med oss gjorde også ei stor guida gruppe seg klar for avmarsj så vi la inn høggiret for å komme før dei. Gjekk vegen inn til hytta og drog rett opp frå den på austsida av bekken. Kryssa bekken ved utoset til bretjernet og kom raskt innpå Snøggeken. Forsøkte litt utan steggjern men ga raskt opp det forsøket på blåis med eit lite dryss snø på toppen. Steggjern på og marsjen gjekk raskt innover isen. På avstand såg veggen loddrett ut men ettersom vi nærma oss løste det seg opp.

Pionerruta, klivinga tek snart til. Det kan skimtas folk midt oppe i ruta på bilete.
Pionerruta, klivinga tek snart til. Det kan skimtas folk midt oppe i ruta på bilete.
Innsteget var lett å finne og snart måtte også hendene tas i bruk oppover. Ruta sa seg sjølv oppover, enkel men luftig. Eit stykke opp i sida kom ein kraftig ”whosj” lyd og ein litt for stor stein seila forbi i lufta ti meter ut for oss. Det ville medført nokon kjedlege konsekvenser om den hadde ramma nokon. Savna hjelmen min som låg i bilen, spesielt sidan eg burde ha lært eit og anna etter denne turen: http://peakbook.org/tour/16604/H%C3%B8ydramatikk+p%C3%A5+den+spenstige+Uranosryggen.html
Turen fortsatte oppover og vi kom etterkvart inn i ei renne som låg litt i skuggen. Etter eit utsatt punkt med snø og is ba eg om sikring men fekk blankt avslag. Vart istaden kommandert rundt ei alternativ rute og nokre minutt seinare stod eg oppe på bandet med resten av gruppa.
Satte att sekkane her og tok ein kjapp tur opp til Falketind.
Utsikta nytes frå Falketind
Utsikta nytes frå Falketind

Nordsida hadde ikkje fått noko sol så det var forholdsvis glatt oppover. Varierande skydekke på toppen ga mange flotte syn men vi måtte videre. Nede på bandet att møtte vi guidagruppa i tillegg til eit par andre grupper. Fleire tok da vegen saman med oss videre mot Stølsnostinden. Enkel egg bortover over Austre og Midtre Stølsnostind. Nedatt frå Midtre hadde det hopa seg opp med folk framfor svapartiet. Fleire var skeptiske til dette partiet og Signar måtte til pers for å veilede nokre av dei. For eiga del gjekk det greit forbi men det hadde ikkje vært noko trivleg på vått føre…

Ein del knoting på svaet.
Ein del knoting på svaet.
Kjærleiksråket...
Kjærleiksråket...
Litt luftig på lågaste punkt videre før vi gjekk laus på Store Stølsnostinden. Drog litt ut i nordsida til å byrje med og så opp på ryggen videre opp. På toppen hadde diverre Storen bestemt seg for å gøyme seg i skodda så det synet glapp men Store Austabottind, Uranostind, Falketind, Koldedals og Hjelledalstind ga oss litt plaster på såret.
Utmarsjen gjekk ned sørsida på forholdsvis laus masse. Stein vart gaula jamt og trutt nedover... Videre gjekk vi rett ned til andrevatn og utatt Morkadalen. Fonna som ofte har vært eit problem ved vatn 1291 var no redusert til ein liten flekk oppe i sida. Rask marsj videre ut avbrutt av nokre forsøk på å lage fiskesprett med ukurant forma stein...
Vart nok berre eit plask denne gongen...
Vart nok berre eit plask denne gongen...

Turen vart avslutta med ein hyggjeleg treretters middag på Eidsbugarden.

Turgruppa pluss eit par tilfeldige turister frå Vindern.
Turgruppa pluss eit par tilfeldige turister frå Vindern.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.