Høg og Midtronder (11.02.2012)


Karte
Besteigungen Høgronden (2.115m) 11.02.2012
Midtronden Aust (2.042m) 11.02.2012
Vest for Midtronden Aust (2.035m) 11.02.2012
Midtronden Vest (2.060m) 11.02.2012
Øst for Midtronden Vest (2.057m) 11.02.2012

Fekk ein telefon torsdagskvelden av Signar (Signar Andre Nilsen) som, overraskande nok, ville på topptur. Hadde egentleg andre ting på tapeten men etter ein god del masing og ei solid dose trusler vart eg tilslutt overtalt til eit forsøk på Høgronden, Midtronder og Digerronden laurdag. Hadde vitja alle tidlegare men det er fine topper og vinterbestigning er ofte finare enn sumarturer så eg hang ikkje med hovudet av den grunn.
Yr.no skapte litt tvil i gruppa utover fredagen med tvilsomme værvarsel men loddet var kasta og litt over sju laurdagsmorgon gjekk avmarsjen frå Straumbu. Bomma litt på sumarløypa innover og rota oss bort til ei lita kløft. Fekk raskt bange anelser da eg vagt erindra tidlegare turrapporter frå dette området der nokon hadde surra rundt fleire kilometer for å koma over leie kløfter men vi kryssa nesten rett over.
Fekk ein bra soloppgang oppover lia og etterkvart byrja vi å kjenne varmen frå sola også.

Morgonstund...
Morgonstund...

Innover Søre Oksle forandra forholda seg og vi fekk ein kraftig kald vind med snødrev midt i tryne. Heldigvis hadde eg vært i området eit par gonger før og kjente til Garvaghbua. Fekk difor jekka opp turmoralen eit par hakk med lovnader om vindstille matpause før toppstøtet.

Der det er hjartrom...
Der det er hjartrom...

Lågt skylag, kraftig vind og snødrev herja og etter fadesa med Garvaghbua var ikkje turmoralen noko særleg høgare enn den var før mitt tidlegare omtalte forsøk på å sprite opp humøret. Diskusjonen under matpausa gjekk difor på om vi skulle gidde å ta med ski opp for eventuelt ha moglegheit til å fortsette turen eller om vi skulle sette att skia og nøye oss med Høgronden. Litt fram og tilbake men skia vart tilslutt snørt på sekken og vi la iveg videre oppover steinura.
I tillegg til vinden og snøfokk hadde underkjølt regn polert ura for oss oppover men etter ein del ”er vi snart oppe” spørsmål kom vi endeleg opp. På toppen herja vinden så det knapt gjekk an å stå oppreist. Vi søkte dekning bak varden og tok ein ny diskusjon om turen videre. Så glimta det opp ein anelse blått mellom skylaget i nord og det vart raskt bestemt at vi skulle iallefall raske med oss Midtronden Aust.

Stormfulle høgder.
Stormfulle høgder.

M&S er rutinerte og var raskt på med sekk og videre. Eg somla litt, fekk på meg sekken og runda varden berre for å sjå M&S kasta attende av vinden i vill uorden. Ny tilflukt bak varden, kjapp rådslagning før vi tok eit nytt forsøk. Vinden var stri, men vi var striare og etter at Signar hadde køyrt ein kjapp demonstrasjon på nedstigningstaktikk på baken kom vi oss kjapt videre nedover.
Ura videre bortover var ikkje så glatt som sida opp mot Høgronden men ting tok likevel tid. Fekk etterkvart somla oss oppom Midtronden Aust men vinden var fortsatt stri. Skylaget hadde lettna litt og vi hadde nesten sol på toppen. Diverre var det alt vi fekk sjå av sola for resten av dagen. På turen ned i skaret til Midtronden Vest kom skylaget for fullt.
Videre mot Midtronden Vest tok vi ei matpause og la ny slagplan i feltet med grøn trekant frå ”bibelen”.
Digerronden vart droppa og vi tok dei siste metrane mot vesttoppen utan ski og sekk. Tok med opp isøksane for sikkerhetsskuld, men det var ikkje behov for dei. Kjapp stopp på toppen, vindstille men null sikt før vi snudd nedoveratt til sekkane.
Tok renna mellom Midtrondane ned mot Langglupdalen. Gjekk med stegjern ned da flatt ljos fjerna alle konturer. Spente på skia nede i dalen og glei raskt ut Langglupdalen. Eg køyrte ein vellukka taktikk med å sende Martine framfor nedover Langglupdalen for å oppdage skavler og ujamnheter. Sparte meg for eit par fall der…
Fulgte Langglupbekken ned til bilbrua og vegen videre nedover til vi kom inn på sumarruta. Gjekk så på GPS ut sumarruta tilbake til Straumbu under ein stjerneklar himmel.
Summa summarum: ein knall tur et cetera et cetera…

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    inte dumt..

    Geschrieben von Signar 16.02.2012 11:07

    Lurer på om vi setter igjen Digerronden til slutt.. Kan være en fin topp å avslutte lista med ;) den tid, den sorg..

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.