Dumhøe & Skardstinden (22.07.2013)
Besteigungen | Dumhøe (2.181m) | 22.07.2013 |
---|---|---|
Søre Dumhøe (2.174m) | 22.07.2013 | |
Nåle (2.310m) | 22.07.2013 | |
Skardstinden (2.373m) | 22.07.2013 | |
Vestre Skardstinden (2.215m) | 22.07.2013 |
Skardstind er ein luggum topp og med yr.no i godlune var det berre å sette kurs mot Leirdalen. Kom seint igang, gjekk frå Geitsætra når klokka var godt over tolv. Fulgte råk oppover mot Raudhamran men mista det etterkvart. Turfølge hadde gått Skardstind før og planla difor å fylle vatn i eit av vassiga oppe i sida, noko som sjølvsagt vart gløymd.
Svingte bortom toppen av Dumbø og traff der eit par frå Vågå. Mannen fekk feira sin 102'de 2000-meterstopp (truleg etter pf 30 lista) med seigmenn. Rusla videre til Vesttoppen på Skardstind der vi tok ei lang skravlepause. Vågåparet ga seg med den da kliving ikkje var noko interessant for dei.
Vi var spente på videre og fortsatte difor. Fyste hammaren omgjekk vi ute på høgre sida heilt problemfritt. Fulgte rygg litt oppatt og traverserte videre bortover sida forbi fleire hammrar.
Etterkvart kom vi til ei snøfonn med spor opp so vi antok vi var forbi siste hammar og fulgte difor spora opp. Det var ikkje tilfelle og snart stod vi slukøra under siste hammaren. Vel, latskap trumfar fornuft so vi gjekk på. Klivinga viste seg å være meget enkel opp til siste opptak. Kom opp på eit kvadratisk svaparti med bergvegg på to sidar og luft på dei to siste. Vurderte forskjellige alternativ opp men enda til slutt opp inne i hjørna. Fant ingen tak å dra meg opp etter nokon stad og vart ståande lenge å vurdere forskjellige alternativ. Løysinga til slutt vart å støte seg opp på armane, deretter leggje seg framover på magen og jokke seg innpå, grasiøst...
Drog så opp turfølge og fortsatte enkelt mot toppen.
Været var upåklageleg og det vart ei laaang solpause på toppen før vi fortsatte videre mot Nåla. Turen videre mot Nåla var problemfri men turfølget hadde nok fått dosa si på hammaren for det måtte litt overtalelse til før ho ville opp på Nåla. Nåla som ser svært spenstig ut viste seg å være svært enkel. Ei hylle ut på venstresida vridde seg opp mot toppen og ga svært enkel og lite eksponert kliving. Tida hadde gått so det vart lite tid på toppen. Nedanfor Nåla var det eit rødt punkt ifølge "Bibelen" men det passerte vi lett. Det var også lagt ut slynger/taug der. Videre gjekk det greitt nedover eit svaparti til vi kom til ein liten hammar.
Hammaren såg svært enkelt ut so da eg fant nokre slynger som tyda på at folk hadde sikra der kom det nok kanskje eit par litt flåsate kommentarer frå meg. Kikka utfor hammeren so viste det seg at den var litt meire krevande enn fyrst anteke.
Ein hylleformasjon gjekk ned til venstre som einaste alternativ så eg tusla ned der. Enkelt til å byrje med men eg fant raskt ut at det var best å dytte kameraet i sekken. Mens eg pakka ned kameraet gjekk turfølget forbi og ned dei siste metrane. Eg kasta sekken på ryggen men fekk berre teke eit par skritt før ei djupt romling avslørte at steinblokka i mangehundrekilosklassa eg hadde foten på ikkje lå heilt stabilt. Ei høfleg, velartikulert åtvaring vert overbrakt turfølge
som stod fire til fem meter nedanfor og eit par meter til sida. Turfølge fekk flytta seg ein meter til ut til sida før blokka rutsja forbi og videre nedover sida. Det buldra og braka nedover steinrøysa mens blokka brøyta seg veg. Lukta av knust stein som eg ellers likar veldig godt føltes litt motstøytande no. Blokka drog med seg meire stein mens den seig i jamt tempo nedover ura før den kom ut i nokre snørenner og fekk meire fart. Blokka og dei mindre kameratane var no fleire hundre meter nedanfor oss men fortsatt godt synleg da snøspruten vart kasta fleire meter opp i lufta rundt den. Etterkvart kom blokka ned på svapartiet nederst mot breen og farten gjekk ytterlegare opp før den krasja ned i breen og vart borte for oss. Støvskya etter den hang att i mange minutt heile vegen nedover.
Det er interessant korleis eit lite uskuldig drapsforsøk kan øydeleggja all romantikken...
Turfølge gjekk snørenner videre nedover mens eg fant det sunnast å halde litt avstand og enda difor opp med laus ur resten av vegen ned. Eit enkelt lite klyveparti i botn før vi kunne byrje dalen utatt. Myrkre seig på og sjølv om også Fru Luna held auga med oss frå over Tverrbottindar hjalp ikkje det so mykje på stemninga etter tidlegare nevnte drapsforsøk...
Sikta oss inn på Raudhamran og traff, råket videre nedover traff vi ikkje i myrkre. Nedeatt ved Geitsætra rundt midnatt.
Benutzerkommentare