Husomlykkjun

Husomlykkjun

Jørn Olav Løkken
(Mitglied seit: 15.06.2012)
Geschlecht Männlich
Geburtstag 03.04.1980
Land Norwegen
Benutzerkonto Standard

Eg er ein heilt vanleg, midt på treet fjellets mann. Født og oppvuksen i Skjåk, så fjellivet er ein naturleg del av oppvekst og barneår. I Skjåk er fjella så høge at sola vert borte nede i dalen vinterstid. Når ein går der nede i mørkre og glåmer opp mot dei solfylte tindar vert ein fort dregen innover mot fjellet. Opp i gjennom barndommen var det ikkje så mange toppturar, det var mest fisketurar og andre turar med nytteverdi. Mange turar i fjellet har det likevel vorte. Min fyrste orntlege topptur var Galdhøpiggen i 1991, som ein del av eit aktivitetsprogram arrangert av kommuna som gjekk under navnet "Aktiv Sommarferie". Min fyrste meir strabasiøse topptur kom i unggdomsskulen, da vi hadde valet mellom ein topptur til Storivilen eller ein kortare sykkeltur med grilling. Eg og eit fåtal andre valde oss topptur, leia av Jan Storkjørren (Jans). Neste skuleår gjentok det sama seg, og vi besteig denne gongen Moldurdhøa. Toppturaktiviteten har etter dette vore noko meir sporadisk, men eg har jevnleg både friviljugt og mindre friviljugt vorte drege ut på tur, særleg av onkel Per og Andreas. Gjennom eit år som jegersoldat i Porsanger, tilegna eg meg meg viktige frilufts- og overlevingserfaring, spesielt med tanke på kaldare klima.

Deretter kom ei studietid der turaktivitet i stor grad vart lagt på hylla, til fordel for studiar, studentliv, studentpolitikk og andre interesser. No i den seinare tid har turinteressa igjen auka på, og eit nytt høgdepunkt kom med bestigninga av Kilimanjaro. Eg kjenner oftare og oftare eit drag ut i frisk luft, nye spor, nye utfordringar og meir naturlege omgjevnadar.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.