Fountainebleau (16.03.2014)


Tourcharakter Bouldern
Tourlänge 137h 00min
Karte
Besuche anderer PBE Forêt de Fountainebleau 16.03.2014

Det har vore litt stille frå meg her på peakbook i det siste. Andre delar av livet har hatt prioritet, og turane har ikkje vore så veldig intressante å skriva om. Men for å i det heile tatt halda litt liv i denne sida kjem her ein liten turrapport frå turen eg hadde til Fountainebleau våren 2014. Ideen vart unfanga ein kald februardag i Trondheim Klatresenter av Eirik. Han samla etterkvart troppane og ordna både git og leiebil, så for oss andre var det eigentleg berre å bestille fly og pakke sekken. Flyet frå Trondheim gjekk som vanleg alt for tidleg, men alt for buldringa.. Blei møtt av Eirik i ein forstad til Paris, der heiv vi i oss litt mat før snudde leigebilen mot Font. Vi etablerte oss i git'n og venta på at dei andre skulle koma med fly utpå kvelden. Etter eit par timar på auget og litt latmannsliv på den franske landsbygda, kjøyrde vi tilbake mot Paris for å plukke opp Antoine og Sigrid. Ein del forsinking og bagasjetrøbbel seinare var vi tilbake i git'en og tok tidleg kveld alle saman. Fyrste dag starta med kaffi og croisant som seg hør og bør, før vi tusla oss ut i skogen. Prøvde oss på litt hist og her. Mykje på 5-talet og litt på 6-talet. Mot slutten av dagen prøvde vi oss på La Marie Rose, men etter ein heil dag på stein gjekk det ikkje for nokon av oss. Desverre for Sigrid greide ho å ryka ein finger (sene/ringbånd), så ho blei meir eller mindre indisponert resten av turen. No i etterkant flyt dagane litt i hop, men vi hadde fine dagar i alt for fint vær. Fokus var meir på kos enn på setting av dei strammaste gradane. Ryktane gjekk også om at Nalle Hukkataival var i området for å setja det smått legendariske bulderet "The Alchemist". Så vi brukte også litt tid på "Nalle-spotting" utan vidare hell. Sjekking av bloggen hans fortalte oss som regel at han hadde kviledag i Paris når vi var i skogen, og vi var i Paris på kviledag når han var i skogen.. Ellers: Eg gjekk ein 6a, og ei handfull på 5-talet. Vi hadde ein kviledag i Paris, der vi rusla rundt på caféar og kunstutstillingar og var høgkulturelle. Mitt største nemesis på turen kom vel siste dag, da eg for mitt berre liv ikkje kunne gje opp på Science Friction. Etterkvart måtte eg likevel innsjå at både fingerhud og armstyrke ikkje kom til å halda.. Det var med andre ord på tide å smørja fingrane inn i godt med climb on bar, og setja seg på flyet heim etter ei fantastisk veke i dette buldreparadiset.

Liten film av alt vi IKKJE gjekk:
https://www.youtube.com/watch?v=BQVMxFIFUe4

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.