Fjellsportkurs med tur til Skeie og Kalven (09.07.2013)


Startpunkt Lom (1.262m)
Endpunkt Krossbu (1.269m)
Tourcharakter Hochtour
Tourlänge 121h 00min
Entfernung 13,1km
Höhenmeter 1.010m
GPS
Besteigungen Austre Kalven (2.034m) 12.07.2013
Midtre Kalven (2.030m) 12.07.2013
Vestre Kalven (1.995m) 12.07.2013
Skeie (2.118m) 12.07.2013
Vestre Skeie (2.113m) 12.07.2013
Besuche anderer PBE Tronoberget klatrefelt (420m) 10.07.2013 08:00
Krossbu (1.270m) 10.07.2013 08:00

Fjellsportkurs

På toppen av Skeie vestre
På toppen av Skeie vestre

Denne veka har eg vore på fjellsportkurs i regi av Klatring og Friluftsliv og Fjellorama. Eg og Andreas skulle bli Joika alpinismus (ref: Olsendriver) på rett! Tirsdag møtte vi kursleiar og gamal klatrerev Hans Petter Håkonsen i Lom sentrum. Der fekk vi ein liten briefing på opplegget for veka og ei lita runde i klatretårnet for å visa at vi kunne grunnleggande klatresikring. Dagen etter brukte vi i klatrefeltet i Tronoberget, der vi øvde oss på det grunnleggjande innan naturleg sikring, taulag, standplass og rappell. Ein herleg dag i veggen, med mykje læring og mykje skjitsnakk. Om kvelden kjøyrde vi opp til Krossbu der vi skulle ha tilhald resten av kurset. Teltleir blei sett opp, og være var såpass bra at vi kunne sitja ute med enda meir skjitsnakk. Torsdag tok vi vår fyrste tur ut på breen, der vi øvde på grunnleggjande gåteknikk, taulag og kameratredning på is, samt litt grunnleggjande brekunnskap.

Skeie og Kalven

Fredag var det klart for fyrste dagstur, der vi skulle fylgja delar av Smørstabbtraversen. Vi labba innover mot Leirbreen, der vi gjorde klart taulaget over breen, og labba oss innover breen mot eggen mellom Veslebjørn og Skeie. Skal seie sola steika godt ute på breen! Den siste bakken opp breen til egga var bratt, og Andreas som gjekk fyrst hadde nok sin fulle hyre med å trakka steg oppetter. Vi kom oss til slutt opp til eggen, i skaret rett nedanfor Veslebjørn. Hadde eg sete på ein krakk hadde eg nok ramla av den da eg kjika over eggen og ned på Smørstabbreen fleire hundre meter rett ned på andre sida. Og her skulle vi over! Eg kjente min gryande joika heldt på å døy der og da.

Dei andre vandra friskt og fint bortetter egga, medan eg øren og mo i knea meir eller mindre kraup meg etter. Hans Petter kjente nok ein høgdesjuk mann når han såg ein, og batt meg inn i korttau. Dette hjalp litt på psyken, og eg kom meg nå bortetter og blei nok litt meir aklimatisert til høgda etterkvart. Det hjalp også på at egga blei litt breiaer etter kvart. I den siste kneika opp mot Skeia møtte vi på ei renne der vi måtte sikras opp. Ikkje alt for vanskeleg klatring, men utfordrande nok med skjelvne kne. Utsikta frå Skeia kan eigentleg ikkje beskrivas med ord. Det er nok og sjeldan at ein kan sitja på toppen av Skeia (vestre) uforstyrra av vind, og med knallvær. Fantastisk turopplevelse! Her blei vi sitjande godt og lenge, medan vi såg på eit par brekurs som knota seg oppetter breen og ut på Kalven.

Etter denne stunda med kvalitetstid, slo vi opp eit rappellfeste og gjorde oss klar for den 50 meter lange rappellen ned til Kalven. Flott rappell ned den sida av Skeia som er normalvegen for klatretraversen av tindane. Deretter var det berre å pakka i hop utstyret og gi bånn gass bortetter egga. Brekurset vi hadde studert tidlegare var på tur utover Kalven, og dei skulle vi jo sjølvsagt passere! Vi tok dei igjen på Kalven vestre, og labba oss fort forbi dei ned mot breen. Vi monterte taulaget igjen og gav oss i veg over breen. Ingen dramatiske opplevingar på breen, og vi var attende til Krossbu litt før seks. Slike dagar får ein ikkje mange av i høgfjellet, det er sikkert!

Bailefunk Austanbotntind

Morgonen etter var det klart for turen til Store Austanbotntind. Været var heilt klart mykje kjipare denne morgonen. Det var slutt på å sitja ute lettkledd og eta frokost, no stod vi og hutra og heiv i oss maten og ville helst berre koma oss i gang med tur. Været var ikke spesielt lovande, men vi sette oss i bilane og sette kursen mot Berdalsbandet. Vel framme låg skodda heilt ned, det regna bra og bles enda betre. Hans Petter meinte at dersom vi labba i veg no ville det bli gåtur til Vestre med sur retur. Han spurte om vi ville prøve lell, eller om vi heller ville øve klatring i Tronoberget. Etter eit lite krigsråd fant vi ut at her var det ingen skam å kjøyre bailefunken (atter ref Olsendriver), og heller bruke tida på å lære oss viktig joikakunnskap. Nede i Lom var vi den obligatoriske turen innom bakeriet (ein må jo ha lunsj!), før vi for til klatrefeltet. Her møtte vi på eit DNT fjellsportkurs vi kasta stein på i pausene. Ellers øvde vi meir på taulag/standplass, samt kameratredning. Mykje nyttig kunnskap å få med seg, og ein fin dag i klatrefeltet.

Attende på Krossbu skulle Hans Petter dra for han skulle til Dolomittane og klatre, medan vi fekk ny kursinstruktør; Philip Toney. Vi held eit lite krigsråd om kvelden og blei til slutt einige om at vi nok berre måtte bita i det sure eplet og nok ein gong baile på Austanbotntind. I staden skulle vi bruka dagen på breen, med meir kameratredning og også øva på å gå på løpande sikring slik at vi kan ta oss til Austanbotentind sjølve ved ein seinare anledning. Denne morgonen var nok enda surare enn gårsdagen, og frokosten vart innteke med innlslag av floke. Turen inn til Bøverbreen gikk derfor i særdeles høgt tempo, for å få i oss varmen. På nytt batt vi oss inn i taulag, før vi labba oppover breen og fant oss ein passe sprekk å øva på kameratredning snø. Dette var utruleg mykje meir klabbete enn redning på is. Det blei ein relativt kald og hustrig opplevelse å halda på med dette, med kald vind og regn i nakken. Kasta i oss ei kjapp brødskive medan vi øvde på bredansen. Deretter gjekk vi oss ein tur i øvre brefall på løpande sikring, før vi sette kursen mot Krossbu. Eit lite stykkje etter breinnsteget oppdaga eg at brillene mine var borte. Antageleg hadde eg lagt dei igjen der vi gjekk på breen, da eg bytta frå briller til solbriller. Vi jogga attende til breinnsteget for å leita etter dei, men dei var søkk vekke. Her hadde nok brefrosken vore på ferde.. Nede på Krossbu spurte eg om dei hadde fått inn eit par briller, men dei hadde ikkje fått inn noko slik. La igjen telefonnummer for sikkerheits skyld, og jammen ringde dei ikkje frå Krossbu om kvelden og sa at nokon hadde levert dei inn! Flaks, sa Severin Suveren. Stor takk til Hans Petter og Philip for ei morosamd, spanande og lærerik veke i fjellet!

Med på kurs: anforb (Andreas Forberg)


Startzeitpunkt 12.07.2013 08:14
(UTC+01:00 SZ)
Endzeitpunkt 12.07.2013 17:50
(UTC+01:00 SZ)
Gesamtzeit 9h 35min
Zeit in Bewegung 5h 56min
Pausenzeit 3h 39min
Gesamtschnitt 1,4km/h
Bewegungsschnitt 2,2km/h
Entfernung 13,1km
Höhenmeter 1.010m

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.