Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Sjåvidthøgda og Jervfjellet

Datum:
26.05.2013
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
3:58h
Entfernung:
12,7km

Sykla heimafrå litt før 09:30 oppover til Jonsvatnet og forbi heilt opp til Saksvikvollen. Sykkelturen opp tok meg litt over ein og ein halv time, så eg var klar for tur ca 11. Hadde tenkt at turen opp på Sjåvidthøgda skulle vera ein kjapp avstikkar på turen til Jervfjellet. Hadde grei vegbeskrivelse frå geocachen som ligg der oppe. Det gjekk til å byrje med særs bra, eg tok til høgre der vegbeskrivelsen sa eg skulle ta til høgre. Plutseleg kom eg til ein bratt berghammar der stigen på gps'n var særdeles ubestemt (frikart, det er nok som tyder på at vedkommande som har tegna inn stigen her har virra litt fram og attende ved berghammaren og lagt ut heile sporet sitt). Eg valde her å gå til venstre, og fant etterkvart ei berghylle eg meinte det skulle gå an å krafse seg opp, >>>

Karte    

Bispberget via skåre

Datum:
19.05.2013
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
5:28h
Entfernung:
9,6km

Denne helga hadde eg, Leif Erik og Andreas planlagt tur til Holåtindane. I fylgje kjentmann og fjellfant onkel Per skulle føret vera omlag på sitt beste no i mai, og ei tid verka langtidsvarselet å halda med han i det. Men omlag ei veke før avreise skjedde det. Yr byrja å vingle, gråvær, snø, sol, finvær, gråvær.. Nokre dagar før helga kom det store mengder snø på eit døgn, før varmværet slo inn. Ja, det bikka ikkje eingong kuldegrader om natta inne ved Holåbreen. Utsiktane var dystre, og det gjekk nokre telefonar fram og tilbake før vi valgte å fylgja fjellvettregel fem, og høyra på erfarne fjellfolk (Onkel Per) og leggja turen på is.. Kva skulle vi gjera no? Ein ny telefon til onkel Per, og vi hadde avtale om å gå tur over Bispberget og sjå etter lapprosa. Etter >>>

Sundagstur til Herbernsheia og Stadsheia

Datum:
05.05.2013
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:53h
Entfernung:
5,0km

Ny topp på Trondheimslista. Har tenkt på denne turen ei stund, og no byrjar jo snøen å gå så det er litt lettare å koma seg rundt i marka igjen. Nevnte turen for Andreas som hadde litt lyst til å ta med familien, men med liten unge var han ikkje heilt sikker på været. Søndag morgon fekk eg melding om at dei ville "ligge litt på været". Yr.no sa det ville skine opp i 10-tida og eg stola blindt på det. Etter ein lengre sundagsfrokost pakka eg sekken, og var klar for tur. Det peip i telefonen og Andreas ville også bli med. Fekk det litt travelt med å koma meg opp til Byåsen butikksenter i tide, men med litt ekstra sprut i sykkelpedalane ankom eg som avtala "litt før 11", altså 10:59. Vi kjøyrde inn til Tømmerdalen og parkerte. Herifrå fulgte vi vegen innover. >>>

Karte    

Sykkeltur til Gråkallen

Datum:
01.05.2013
Tourcharakter:
Fahrradtour gemischt
Tourlänge:
2:00h

Fridag fra jobb må jo bety ut på tur? Som sagt så gjort; satsa på å få lagt til enda ein topp på Trondheimslista i dag. Kanskje den mest markante toppa (og lettaste?) i byen: Gråkallen. Denne toppa som "ragar" over byen med sine merkjelege radarinstallasjonar. Pakka sekken og sykla meg i veg over Stavnebrua, opp mot Byåsen butikksenter og vidare innover Fjellsetervegen mot skistua. Her går det kun ein veg, og det er oppover. Det hadde jo ikkje eg tenkt så veldig nøye over da eg kledde på meg.. Eg skulle jo på "fjelltur".. Så det kokte godt innunder allværsjakka da eg kom meg opp til Skistua. Her sette eg ifrå meg sykkelen og gjekk stien gjennom alpinanlegget mot toppen. Brukte litt tid ved kartinstallasjonen på toppen, der eg peika meg ut tidlegare toppar >>>

Karte