Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Bessheim Fjellstue og Hytter

Datum:
26.06.2015
Karte    

Blåberggruvene

Datum:
14.06.2015
Entfernung:
5,5km
Karte    

Nedre Halsen (Naddvik)

Datum:
20.05.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
4:01h
Entfernung:
7,4km

Me tok turen opp til Nedre Halsen, eit nes knappe 3 km inne i Vikadalendalen. Siste biten opp på Nedre Halsen er bratt, men det er god sti. Årdal Turlag har turpost ved Veidehølen, rett før den bratte delen, så det er heilt klart eit alternativ å snu her. I så fall er det ein fin tur for dei som ynskjer å koma seg ut av godstolen og byrja å lea på seg litt ute i terrenget. Denne gongen slo me lag med Årdal gålag og det var til saman ein gjeng på 57 personar som toga fram dalen. Startpunktet for turen er parkeringsplassen ved busstoppen på Fv 53 i Vikadalen. Det er gangveg under brua slik at ein slepp å kryssa ein trafikkert fylkesveg. Det er asfaltert veg opp til inngangen til Naddvik kraftstasjon, om lag ?? km. Derfrå er det brått venstre og inn på fin grusveg. Nokre slakke stigningar >>>

Karte    

Vårskitur til Hestedalsfjellet

Datum:
14.05.2015
Tourlänge:
2:34h
Entfernung:
8,1km

Vårskitur til Hestedalsfjellet Me har enno ikkje lagt skia på hylla for sesongen. I mai kan ein oppleva dei flottaste skiturane oppe i høgfjellet. Tindevegen mellom Øvre Årdal og Fortun opnar for utrulege mulegheiter på dette området. Etter ein kort biltur frå Årdal eller Luster er ein midt inne ein av Noregs flottaste fjellområder, sommar som vinter. 2000 meter-tindane står der som majestetar og lokkar dristige skikøyrarar til topps. Karin og eg skal nøya oss med ein noko mindre krevjande tur, men likevel flott og spanande. Me har aldri vore på Hestedalsfjellet før og der ligg spaninga. Nytt terreng og nye ruter. I fjor på denne tida var me på Korenosi, ein omtrent like lang (kort) tur som denne, men då med atskillig mindre snø. Me starta frå bomstasjonen på Tindevegen, midt >>>

Karte    

Finnsåsen

Datum:
03.05.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
2:13h
Entfernung:
2,8km

Forrige helg gjekk turen til Åsen og Fuglåsen "ovanfor vatnet". No er det Finnsåsen "nedanfor vatnet" som står for tur. Frå Tangalandet kan ein sjå at det er bert for snø der oppe. Det er berre å få på seg tursko og høvelege klede og legga i veg. Ull underst, fleece utanpå og ei vindtett jakke i sekken. Ja, for ein liten svipptursekk er alltid greitt å ha med. Fast inventar der er ei lita veske med plaster og anna fyrstehjelpsutstyr, kart og kompass, GPS med eitt sett reservebatteri, i tillegg til mat og drikke. Startpunktet er ved vassbassenget øvst oppe på Haugane ("Tippen"). Sjå rettleiing i boks til høgre korleis du tek deg fram dit. Her er det plass til to-tre bilar, men ikkje steng tilkomsten for kommunale tenester. Starten på stien er lett >>>

Karte    

Ljøsnaveiti med Årdal Gålag

Datum:
22.04.2015
Tourlänge:
4:01h
Entfernung:
8,7km
Karte    

Tur til Løst

Datum:
20.04.2015
Tourlänge:
2:50h
Entfernung:
3,9km

Vårtur til Løst med frukost på stølsbøen. Det mektige Steiggjeberget i sør-vest, så nær at du nesten kan ta borti det, og ei våryr Steiggjeelv mellom deg og fjellet! Råare natur finn du knapt nok, sjølv ikkje i Årdal. Men kontrastane er store. Når ein kjem opp på stølen er det som ein kjem i ei anna verd. Den gamle stølsvegen starta nede i vasstrondi. Der gjekk bønder og husmenn i land med buskapen sin når dei buførde frå Loi til Løst. Me startar på stølsvegen ved aust-munninga av gamle Steiggjetunnelen. Rett ved brua er han godt synleg. Bratt er det heilt frå fyrste steget. Vegen går nok ikkje alle stader lenger etter den gamle traceen. Linjebygging og stormen Dagmar med trefall har gjort sitt til at nye sløyfer er laga, sjølv om det meste av trefalla no er rydda vekk.

Karte    

Fuglåsen

Datum:
19.04.2015
Tourlänge:
3:36h
Entfernung:
7,4km
Karte    

Med Årdal Gålag på Kamben

Datum:
15.04.2015
Tourlänge:
1:19h
Entfernung:
2,4km

Med Årdal Gålag til Moakamben. Fyrste sommarturen gjekk av stabelen i ruskever med heile 44 deltakarar. Folk er tydeleg vis gira på å koma i gang. Me starta på den store parkeringsplassen rett under Moa. Mange alternative vegar fører til toppen av Kamben, men Turleiar Gunnvor Nordås hadde på førehand funne eit alternativ utan for mange bratte og glatte kneikar. Fyrste delen gjekk på "Utladalssida". Midt oppe i bakkane kryssa me over til Moa-sida og følgde den vegen heilt opp. Kamben er eit lett tilgjengeleg turmål og dei som bur i Øvre Årdal treng ikkje eingong setta seg i bil for å nå målet. Alternativt kan ein starta ved brua som kryssar Utla ved Olmennhagen og gå dei knapt 200 trappetrina opp på Ytre-Moaplatået. Ein kan og starta frå Lykkja litt lengre framme i >>>

Karte    

Tisedalshøgdi i påskever og på påskeføre

Datum:
10.04.2015
Tourlänge:
7:40h
Entfernung:
20,0km

På påskeføre til Tisedalshøgdi

Karte