Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Archiv - Nach Geografie

Gesammelte Listen

Hausttur til Eidsfjellet

Datum:
13.09.2014
Entfernung:
10,6km

Det var laurdag og strålande ver. Me køyrde til Roe der det var gode parkeringstilhøve. I starten fylgde me ein traktorveg oppover bakkane og heldt fram på god sti heile vegen. Terrenget flata ut etter kvart og me ”surfa” bortover det flotte haustfarga terrenget. Etter knapt 1,5 time var turfylgjet kome til hytta ved søre enden av Fallstjønn (1221 moh). Stien heldt fram på austsida av tjørna og etter å ha passert fiskehytta i nord-enden, var det berre att ein liten stigning opp til dagens turmål. Etter 2 timars tur var alle komne opp til den store varden på toppen, 1333 moh. Svært mange hadde funne vegen hit denne dagen og alt tyda på at Eidsfjellet er eit populært turmål. Frå toppen har ein flott utsikt til Kravikfjorden, Frygnefjorden og Norefjorden rett nedanfor oss i aust, >>>

Karte