Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fußtour (10)
-
Klettern (1)
- Alpinklettern (1)
-
Skitour (10)
- Randonnée/Telemark (10)
Lieblingsgipfel
Romsdalshorntraversen via nordvestkanten
- Datum:
- 11.06.2016
- Tourcharakter:
- Alpinklettern
Fantastisk tur med johnnyaa (Johnny Aarseth) der vi reiste inn frå Stette på fredagen og drog først i Boshveggen og fikk trene litt både på tradklatring og fotarbeid på sva. Etter kvart så kom vi opp i Vengedalen der det var overraskande lite folk. Sette opp teltet, fyrte opp bål og rigga barskapet.
Dagen etter starta vi å gå klokka 06.15. Det var nydelig ute og knapt ikkje ei sky og sjå.
Etter kvart starta vi på klatring på ruta nordvestkanten (5-). Topoen i boka " Klatring i Romsdal " er relativ sparsom. Johnny laga denne topoen i forhold til varianten vi klatra:Veldig fin rute som gav mykje meir klatring enn normalruta i Nordveggen. Stort sett greitt og sikre og mange fine kileplasseringer.
På toppen var det magisk. Nesten heilt vindstille og lysta til å bryte opp for å gå vidare var ikkje >>>
Rundtur over Dravlausegga
- Datum:
- 06.06.2016
- Tourlänge:
- 3:24h
- Entfernung:
- 11,3km
Tok utgangspunkt i turbeskrivelsen til arntfla (Arnt Flatmo) på westcoastpeak . Etter parkeringa bar det nokre hundre meter på grusveg før eg tok av til høgre på vestsida av Langenesvatnet. Her gikk det god sti framover med raude merke. Etter kvart tar den meir av vest og i retning Dravlausnykjen. Her stod eit skilt med pil. Etter dette forsvann stien og ein måtte berre sikte seg inn på retninga.
Etter dette var det 5 til 600 høgdemeter med jobb i bratt grasbakke. Pulsen var god, men det var greitt terreng. Og belønninga når ein kjem opp på egga er magisk, for eit syn.
Først bar det bort på toppunktet Nord for Dravlausnyken og litt forbi for å få ordentlig utsikt mot Straumshornet, før det bar tilbake og videre på Dravlausegga. Her prøvde eg å halde meg mest mogleg opp på egga om det ikkje vart alt for krøkete. >>>
Finito Hareid og Ulstein
- Datum:
- 15.05.2016
Flott å ha ein dag til bruk og satt meg som mål å verte ferdig med Hareid og Ulstein kommune. Tåka låg godt ned i fjellet så eg starta med dei to minste toppane. Røyrafjellet var ein fin tur på flott sti, mens Eikenakken gav litt motstand då eg ikkje fant noko sti dit. Det vart difor ein ein rufsetur i skog og kratt ein peakbagger verdig. Gikk opp til Haddalshornet via Klungsdalen med ein litt direct approach ala Arnt Flatmo, så opp mot Blåtind via Grøthornet. Her tilsa superenkel forskning at det det var lurt å ta Kongsvollen også i staden for å ta den fra andre sida så eg tok beina fatt videre. Returen gjekk via Hundelaupsvatnet og sida ned mot Haddal. Denne turen gjekk i sol, snø og skikkelig styrtregn siste 10 minutta. Alt det beste Sunnmøre har og by på :-) Etter å ha >>>