Skåla (20.04.2013)


Karte
Besteigungen Vest for Kåpevatnet (1.331m) 20.04.2013
Skåla (1.843m) 20.04.2013

Skåla plan B

Denne helga var for lengst satt av til å gå Josten på langs. Me skulle reise torsdag ettermiddag. Etter kvart som det nærma seg har værgudane vert imot oss. Været den siste veka har vert prega av flomvarsel, vind og store temperatursvingninger. Meldinga for lørdag var ikkje so verst, og sjølv om me innsåg at det kanskje var litt optimistisk valgte me å reise. Me skulle uansett på tur. Torsdag kveld reiste me derfor avgårde i 2 biler mot Fjærland. Me kjørte inn til parkeringen nedenfor Flatbreen og parkerte den eine bilen. Deretter kjørte me til Bødalen og oppover mot Bødalsseter. Rett før Tverrelva på ca 300 moh var det stopp. Her var det gått ras over veien. Det nærma seg midnatt og me rigga oss til med soveposer i bilen og overnatta. Det regna heile natta.

såh_ras_i_bødalen.jpg

Me tok det ganske rolig neste morgen og etter ein god frokost og litt pakking labba me avgårde mot Bødalsseter. Det var 2,6km å gå opp til setra og ma hadde skia på sekken so langt bilveien gjekk.

såh_bødalsseter.jpg

Forbi setra var det litt kronglete innover i bjørkeskogen men bedre enn forventa med tanke på all nedbøren og snøsmelting som var varsla siste veka.

såh_opp_ved_fossen_fra_kåpevatnet.jpg

Me tok oss greit opp på høgre sida av elva og fossen fra Kåpevatnet, men so vart det bokstavelig talt klabb og babb. Fellene klabba noko aldeles forferdelig for Aina og Jørn og da me forsøkte bytte feller ville ikkje limen holde.

såh_klabbing.jpg

Etter litt kluss fekk dei kortfeller til sitte på. Været vart etter kvart dårligare og da me kom opp til høyde 1331 rett vest for Kåpevatnet begynte det å blåse ganske friskt samtidig som det begynte å snø.

såh_dårlig_sikt.jpg
Me skulle no ta fatt på Brattebakken, men vart svært usikker på skredfaren. Me ønskte ikkje stå midt oppe i bakken uten sikt og kanskje finne ut at det ikkje var trygt. Me valgte derfor å slå opp teltet og satse på grytidlig avgang neste dag om været var bra. Det snøa og blas heile natta.
Det var betydelig med snø som vart transportert i løpet av natta, og når det etter kvart letta var me ikkje komfortable med å ta fatt på brattbakken. Me var litt overaska over vinterforholda i område. Her var lite som minna om vårsnø. Når me spadde litt rundt teltet var det først 2 ulike snølag på ca 20-25cm, under der eit hardt skare eller delvis islag og lenger ned meir grovkorna snø. Kva forhold som var oppe i bakkane og kor mykje snø det låg der veit me ikkje men me følte oss ikkje trygge på forholda. Værutsiktene var heller ikkje gode og skulle me gå Josten på langs ville det sannsynligvis bli uten sikt, med blikket festa på gps`en.
Klokka var no halv ni og me måtte legge ein ny plan. Me bestemte oss for å gå på Skåla og overnatte i Skålatårnet. Me pakka sekkane og tok fatt på returen.
såh_retur_mot_bødalen.jpg
Ned siste stykket forbi fossen måtte skia av. Tilbake i bilen kjørte me til Loen, handla litt og tok lunsj.
Ca kl 1415, etter litt ompakking og skifte til tyngre ski utstyr var me klare til å ta fatt på dei 1800hm til Skåla. Me måtte ha skia på sekken til ca 500moh. På veien traff me ein som kunne fortelle at det var 2 grupper med totalt ca 18 personer som var før oss i løypa og dei skulle og overnatte. Det kunne altså bli trangt om plassen. Det var seige bakker, men me hadde god tid og det var ikkje noko poeng og komme raskt opp for å sitte i ei proppfull hytte. Det var utrulig stor forskjell på snøforholda her og inne ved Kåpevatnet. Her har det tydelig vert mildt og regn langt oppover. Me var på toppen kl 19. Det var rimelig fullt i hytta men trivelige folk. Ei gruppe som feira ein 40-års dag og ei ungdomsgruppe fra turlaget. Det var litt vind og overskya, men for det meste ganske god sikt. Det var flott stemning ved solnedgang sjølv om det ikkje var klarvær. Ved midnatt tok alle kvelden. Me bestemte oss for å returnere tidlig neste morgen og heller ta frokosten ved bilen.
Kl 0630 hadde me skia på beina og forlot tårnet. Ikkje vanskelig å stå opp når det venter 1400hm nedover på ski. Ikkje kvar dag ein opplever dette før frokost.

No var det berre å sette kursen mot Fjærland og hent bil og sige heimover. Sjølv om ikkje alt gjekk heilt etter planen vart det ei kjempe helg med flotte turer.

Fleire bilder fra turen:
http://www.utifriluft.com/Friluftslivturersommarogvinter/Sk%C3%A5la-som-plan-B-200413/29029171_RSGxP7#!i=2469304878&k=BZGs2L6

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.