Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
Peakbookfreunde
Urdavassnutane - på reinsjakt-
- Datum:
- 31.08.2016
Turen var ein dagstur på reinsdyrjakt. Me køyrde bil til Sandvatnet, Herifrå starta me og gjekk opp Sandvassbrekka og over Meien. Vidare kryssa me Meien og opp mot topp på 1312 moh som ligg på fylkesgrensa mellom Rogaland og Aust-Agder, mellom Suldal kommune og Bykle kommune. Herifrå gjekk me vidare over mot Førsvassskori og Urdavassnutane. Herifrå gjekk me tilbake mot Meiadalen. Under Urdavassnuten kjem der eit dalsøkk som går ned mot Urdaskaret. På nordsida av dette dalsøkket startar ein nølt (varda) sti som går ned Klauvskeiberga og ned til bekken rett aust for turistruta som går mellom Bleskestadmoen og Bykle. Vidare herifrå gjekk me tilbake til Sandvatnet. Følgde turistruta frå Reinskvelven og opp til vegen.
Buren
- Datum:
- 20.08.2016
Buren er ein av veldig mange toppar på Kvaløya,men lett tilgjengeleg og ein nokså kort tur. Turen vår starta frå p-plass i Ersfjordbotn. Ikkje så bratt i starten, men siste strekket er rett opp i ura. Belønninga er ein luftig topp, med fabelaktig utsikt utover toppar og tindar på Kvaløya og utover Erfjorden mot storhavet. Her får ein kjensla av å vera virkeleg høgt oppe, sjølv om toppen ikkje er høgare enn 802 moh. Det er jammen flott i Troms!
Tromsdalstind
- Datum:
- 19.08.2016
Flott topptur i Tromsø. Bynær tur med utgangspunkt rett i utkanten av bebyggelsen i Tromsdalen-Eg trur utgagnspunktet for vår tur blir kalla Grinda. Starten av turen gjekk på grusveg før den går over i ein god sti oppover lia. Snart var me oppe av skogen og kunne halda fram i ope og fritt terreng opp mot egga. Me gjekk opp eggen frå vestsida. Bratt den siste biten, men ein flott tur med storslagen utsikt. Turen ned gjekk langs eggen og ned dalen igjen til skogsvegen.
Eikefjellet -Halsne
- Datum:
- 04.08.2016
På båtferie i Ryfylke låg me i hamn i Skartveitvågen på Halsne. Då låg det godt til rette for ein tur til Eikefjellet, som er høgaste toppen på øya. Det er merka rundløype frå Skartveitvågen. Denne dagen var det veldig blautt etter svært mykje regn dei siste dagane, men likevel ein fin tur. Heile rundturen tok omlag 1,5 - 2 timar.