Topptur frå Vinddalen (23.08.2015)


Karte
Besteigungen Tormodknuten (812m) 23.08.2015
Tyllebakknuten (858m) 23.08.2015

Parkerte i grustaket i Vinddalen og gjekk på stølsvegen til Mikkelstølen. Gjekk så opp på ryggen (NV for stølen) over Vindalsknuten og opp på Tyllebakknuten (858m). Frå toppen var det god utsikt, særleg idag. Flott utsyn over området og bla. Skåpknuten (953m) og Neverdalsfjellet (706). Gjekk så rett ned til tjørna (SV for Tyllebakknuten)og opp på ryggen mot Tormodknuten (812m). Her var det flott utsikt over Vinddalen og Espedalen. Ein stor og solid varde sto på toppen. Gjekk på ryggen ned til Mikkelstølen og same veg ned i Vinddalen. Fint vær, men ein god del vind på toppane. Flott tur i flott område.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.