Køyrde til Audestad og parkerte. Gjekk mot Havrådalen. På Osterøykartet er det merka ein sti opp, men denne fann eg ikkje. Eg snudde, gjekk langs høgspentlinja for å finne stien, men igjen var det bom. Gjekk igjennom einer og kratt, klatra over mange gjerder, vassa gjennom myrer og gjekk på det som skulle vere toppen i følge GPS'en. Anbefaler ikkje denne turen. Alternativet må eventuelt vere å gå frå lysløypa på Rolland. Lokale kan likevel fortelle at stien til denne toppen er svak og til tider gjengrodd. Dette kan eg bekrefte.
Benutzerkommentare