To toppar i Blefjell (08.09.2012)


Karte
Besteigungen Bledalsrinden (1.306m) 08.09.2012
Bletoppen (1.342m) 08.09.2012
Flesebekkble (1.272m) 08.09.2012

Køyrde den dårlege bomvegen opp til parkeringa før Nordstul. Følgde t-merkt stig til Nordstul, så Grjotbua, dinest opp Langedalen. Der det står skilt til Sigridsbu, tok eg til høgre og gjekk rett opp til Bledalsrinden. Såg mykje folk bortpå Bletoppen. Sol og fin sikt, men sterk vind. Åt nista i le i eit heng på austsida. Heldt så fram denne dalen på austsida rett nordover. Passerte Kongtjønna, Bleporten, Storegjenge og kom fram til Storevatn. Der kryssa eg bekken og klatra rett opp sudsida av Flesebekkble. På toppen møtte eg ein kar med kikkert som såg etter rein. På avstand såg eg nokre rypejegarar med fleire fuglehundar. Gjekk ned på vestsida og kom inn på t-merkt stig som eg følgde sudover. Gjekk oppom Bletoppen. Sterk vind der også, men sola kom fram att etter fleire timar med overskya. Ny rast i austhenget, denne gongen te og sjokolade. Vakker kveldssol ned til stigen og inn att i Langedalen. Var nede ved bilen kl 2015, drygt 7 timar etter eg starta. Vond akilles, men veldig glad for to fine kommunetoppar. Såg ei rype og ein stor rovfugl. Uncas var med.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.