Bøs høgaste i grisevêr (18.09.2011)


Karte
Besteigungen Jøronnatten (1.274m) 18.09.2011

Tur med Skien og Telemark turistforening. Vi møtte ei gruppe med fire andre ved kommunehuset i BØ, og dermed måtte det bli noko av turen som nok hadde blitt avlyst om vi ikkje hadde kome. Køyrde bomveg til Limarka og Røksbu. Derifrå gjekk vi til Smylistul, opp lia ganske bratt til Langetjønn, så opp langs bekken til Åstul, og deretter vest over bekken opp til toppen. Vi fekk tåke og sterk vind etter Åstul, regn hadde vi heile tida. Vi kom opp frå sudsida, men gjekk ned nordaustsida. Kom til vatna Småholmen og Holmen (rare vassnamn). Turleiar hadde nøkkel til fiskarlaget si hytte, og det var bra for vi var gjennomvåte og kalde sjølv i goretex-klær. Det blei fyra og vi fekk tørka klær, ete niste og hadde lang hyggjeleg praterast. Nedturen var betre, nesten ikkje regn, men meir vind. Spektakulært ned Valjuvet. Flotte badekulpar under andre forhold. Ein daud saueskrott i Røynelian. Ned til Smylistul att. 7 timar inkl 1,5 time i hytta. Marit og Anne M og Uncas var med.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.