Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (6)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
- Fußtour (416)
-
Skitour (107)
- Langlauf (19)
- Tourenskilauf (74)
Peakbookfreunde
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Nordlandsnupen
- Datum:
- 06.07.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 10,2km
Ny flott tur. Kom frå Røst med ferge i går kveld, overnatta på Lofoten Værøy brygge. Gjekk frå bagasjen vår der, og starta turen mot Nordlandsnupen i sol. Endeleg t-skjortevær! Langs vegen til Breivika, nydeleg stad, gamle hus, tufter og steingardar. Og kvite strender! Grei stig til topps. Luftig spektakulær topp, men fine trygge rasteplassar, og eg som er høgderedd hadde ikkje problem med denne toppen. Ein treng jo ikkje gå ut og titte ned i avgrunnen! Sola forsvann på veg opp, og på heimvegen fekk vi ei byge. Stoppa på supercafeen på Sørlandet etter 10,2 km og 544 hm. 3 timar og 57 minutt. Anne, Eirik og Tom var med.
Storfjellet Røst
- Datum:
- 05.07.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 2,3km
Fabelaktig tur! Ringte til Finn Olav Olsen (4u8213839) og fekk flott rundtur før vi blei sett i land, og gjekk opp grasrenna Finn Olav peikte ut for oss. Veldig bratt, men kurant. Måtte halde oss i grastustane då vi klorte oss opp. Suverent utsyn, flott grasslette platå, stor varde og sol. Åt niste, fotograferte jamnt. Såg tre havørn som hang over oss på toppen, og ein heil flokk nede på stranda då vi tøffa frå øya. Elles mykje lundefugl, teist, toppskarv og ærfugl. 2,3 km, 259 hm. Anne, Eirik og Tom var med.
Første besøk på Rabothytta
- Datum:
- 01.07.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 11,0km
Tur med Tom, Torbjørn og Marit. Overnatting frå laurdag til sundag. Fint vêr laurdag, kaldare og gråere sundag. Super hytte!
Endå ei reprise : Gaustaråen
- Datum:
- 18.09.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:47h
- Entfernung:
- 8,2km
Ny tur som følgje for Anne som jakta nye toppar. Ikkje fullt så flott ver som dagne før, men fin temperatur, og litt skiftande skydekke, men mest grått. Dagen før hadde det vore nattur i måneskin til toppen med nattkonsert som beløning, det må ha vore fint, for laurdag kveld var uvanleg fin med kvit himmel og måne. Mykje folk som alltid opp mot Gaustatoppen. Vi drog på oppover, men i staden for å byrje på den siste kneiken då vi kom opp på platået under toppen, gjekk vi ut i steinura med gps og fann Gaustaråen og punktet sør for den. Dessverre var dette akkurat høgt ok oppe til å gå inn i skydekket, Gaustatoppen låg inne i ein kvit dott heile turen, og sidan vi skulle heim til Oslo - og for Anne sin del Halden, stod vi over toppen - for utsyn hadde det n ikkje blitt der >>>
Reprisetur då eg faktisk fekk sjå meg rundt
- Datum:
- 17.09.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:30h
- Entfernung:
- 11,0km
Etter møte i Seljord, drog Anne og eg til Bø, der eg følgde med Anne til denne toppen som ho mangla, og som eg faktisk berre hadde vore på i tett skodde, vind og regn for nokre år sidan. Så det var flott å få sjå kor nydeleg denne toppen og dette terrenget faktisk er. Starta ved Røksbu og gjekk stigne opp langs LAngetjønn. Sol utan skyer, vindstille og uvanleg varmt til spetmber å vere. Anne gjekk i shorts og bh, eg i t-skjorte. Vi gjekk bra på oppover og brukte 1 time og 42 minutt på 5,6 km og 733 hm. Godt nøgd med det. Nedatt somla vi meir etter lang rast på toppen. 1 time og 52 minutt ned inkluderte mykje fotografering.
Fin Rust-tur
- Datum:
- 11.09.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 5,6km
Dyrskuhelg i Slejord og Tom og eg var på hytta i helga. Dyrsku og grendehusmøte på laurdag, og sundag fekk vi oss sommarens første Rust-tur. Uncas var med - var det hans siste tur tru? Sol og vind. Vi brukte 2 timar o 7 minutt på turen opp og ned. 5,6 km.499hm.
Ganske krevjande tur til Elgspiggen
- Datum:
- 12.08.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 5:30h
- Entfernung:
- 16,5km
Køyrde frå Femundsenden opp Holøydal, og parkerte ved bommen Øvertjønna nedst i hyttefeltet. Følgde hytteveg/traktorveg til vel forbi tregrensa. Så nedatt til elva som vi kryssa på gangbrua. Eit stykke langs elva i bjørkeskog til vi kom opp over tregrensa att. Følgde t-merkt stig litt for langt på høgresida av bekken, kryssa og gjekk på retning mot toppen. Trur det er mellom 350-400 høgdemeter som vi forserte i ura. Alt gjekk greitt, men brukte altså 2 timar og 45 minutt opp på 8,5 km. Meir enn vi hadde tenkt oss. Heimturen gjekk også greitt, korta traseen med 500 meter eller så ved å gå stigen til høgre for bekken lengre ned før vi kryssa tilbake på den raudmerkte stigen til venstre for bekken. Brukte 5 timar og 22 minutt på turen totalt inkludert pause på veg ned >>>
Elgåhogna i sol og hagl
- Datum:
- 11.08.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:30h
- Entfernung:
- 12,0km
Ny tur på kommunetoppferien. Køyrde frå Femundsenden mot Elgå og parkerte ved Dalset. Heilt nydeleg stig oppover langs bekken gjennom bjørkeskogen og lyngbeltet. Vi delte oss, Anne og Eirik drog rett opp til venstre for toppen, medan Tom og eg følgde vardane oppover på høgre side. Dei kom opp fem minutt før oss, men vi hadde slakare trasé og mindre ur. 3 timar og 35 minutt totalt, 3 timar og 5 minutt netto gåtid. 12 km. 731 hm. Anne, Eirik og Tom var med.
Ny draumetur: Storviglen frå Ljøsnåvoll
- Datum:
- 10.08.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 5:24h
- Entfernung:
- 15,4km
Denne turen får toppkarakter frå meg pga Ljøsnåvoll og heile pakka med ankomst, overnatting og tur. Etter eit par svært kalde og våte dagar, var vi i gang att tysdag ettermiddag. Yr hadde spådd opphald i nokre timar på ettermiddagen, nok til å greie sykkelturen frå Feragen til Ljøsnåvoll utan å bli gjennomvåte. Herleg sykkelveg i lyng- og furuskog med utsikt til Feragen og delvis langs sandstrender. Stølen Øya var velstelt med hesjer og kornåker, og så bar det opp dei siste 3,5 km opp til Ljøsnåvoll. Ca 100 hm gjennom eit landskap som rett og slett var velstelt og skjøtta. Beitemark, reine bjørkestomnar som det var rydde rundt, og så denne flotte elva i fine stryk nedover. Ljøsnåvoll seter var rett og slett eit eventyr! Utan straum og innlagt vatn, men utruleg velstelt >>>