Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Ich habe mich noch nicht mit anderen Peakbookbenutzern befreundet.

Gesammelte Listen

På ski i Vestfjellet

Datum:
19.04.2014

Avreise frå Gausdal ti på åtte. Klare ved Værskei nærare halv ni. Planen i dag var å gå dei 15 kilometrane på ski til Rokvamssætra for å besøke Rokvamsfolket. Hard skare gjorde turen inn leikande lett, i grunn. Eg gjekk med fjellski, Åsmund med langrennski. Etter to timar var me framme etter ein strålande start på dagen. Sol frå blå himmel og vindstille. Resten av dagen gjekk til kaffe i solveggen, tur til Vesle-Snuen med påfylgjande nedkøyring (herleg slusjføre), hopp abnormal bakke, grilling og prat. Klokka fem byrja me tenkje på heimvegen og la i veg. Føret var no rimeleg blautt og trått, men etter to og ein halv time var me på plass ved bilen, samde om at me sanneleg er heldige. Heime venta mor sine fantastiske tre retter. Takk for ein fantastisk påskeskitur i påskesol >>>

Karte    

Telttur i Bymarka

Datum:
28.03.2014
Karte    

På ski til Elgsethytta

Datum:
19.03.2014

Eg og Kristine stod opp tidleg i dag for å rekke ein snøggtur i Bymarka før skule. Andre og truleg siste dagen med minusgrader og fin snø. Gjekk frå ein p-plass ikkje langt frå Skistua i retning Elgsethytta. Litt vind, etterkvart vart det meir i kombinasjon med snø. Rimeleg ruskete, men det var mykje folk og dyr i løypene. På veg attende frå Elgsethytta, møtte me Petter Northug. Akkurat då snudde han, for han sa han tykte det var for mykje vind... Eg og Kristine satte i eit voldsomt tempo og klarte å halde fylgje med honom i omtrent 300 meter. Men me hadde nok ikkje mykje å stille opp med mot ein verdsmeister, nei. Det sette imidlertid ingen dempar på stemninga, og etter omtrent 7 km var me plutseleg ved bilen att. Takk for turen!

Karte    

På ski til Estenstadhytta

Datum:
18.03.2014

Endeleg såg det ut til at me skulle få eit par dagar med vinter i Trondheim. Etter å ha fulgt med på løypemaskinene sin aktivitet etter snøfallet, stod eg opp tidleg tirsdag morgon og tenkte at lekser fekk vere lekser. Ute skein sola og det var så vidt minusgrader. Eg gjekk så fort eg kunne frå Nardo opp Heggedalen til Lohove. No var eg jammen meg utålmodig. Ved Lohove var det berre å klikke på seg skia og leggje iveg. Sjølv om klokka ikkje var ni endå, møtte eg fleire skilauparar på veg ned att frå Estenstadmarka. Fann greitt fram og hamna på Estenstadhytta. No hadde det byrja blåse og snø litt. Fekk utsikt innimellom. Ned att hadde eg stort sett nykøyrde løyper og eit stort glis om munnen. Eg har ikkje gått på ski på ein månad, og det er lengje å vente når ein >>>

Karte    

Geitfjellet

Datum:
22.02.2014

Ein noko trist vinter i Trondheim har gjort at det sidan nyttår berre har vorte springing. Mil etter mil. To turar heim til Gausdal, Espedalen og vanvittige snømengder og ein tur til Sogndal har vore sakrale, heilage og det næraste eg kjem noko religiøst. Dagar utan ski er rett og slett tunge for meg når det er vinter. Uansett, vakna til bra vêr, forbausande lite vind. Åt frukost, søkte inn P1 på telefonen og sykla frå Nardo halv ti. Sette frå meg sykkelen ved Ferista og sprang opp på Geitfjellet med tremila på øyret. Hard snø og is, men eit fint lag med rim og nysnø her og der gjorde at det var fint føre, tykte eg. Litt vind på toppen, nesten åleine. Folk sat vel klistra framføre fjernsynet. OL er like fint å høyre på radio! Eg er glad eg ikkje har fjernsyn. Trilla ned >>>

Karte    

Skeikampen rundt

Datum:
29.12.2013
Karte    

Gråkallen

Datum:
28.09.2013
Karte    

Geitfjellet

Datum:
26.09.2013
Karte    

Vekvessætra

Datum:
20.09.2013
Karte    

Liaåsen

Datum:
07.09.2013
Karte