Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Eid: Lotsbergnibba

Datum:
27.10.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:19h
Entfernung:
5,2km
Karte    

Eid: Ljøskarhaugen

Datum:
23.10.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Karte    

Eid: Lotsbergstøylen

Datum:
21.10.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Karte    

Stryn: Nonsnibba + nokre til

Datum:
18.10.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
9:30h
Entfernung:
22,0km

Då er det avgjort, Kvitekoll 1915 på Jostedalsbreen blir siste topp i Nordfjord. Sannsynlegvis til våren som skitur, dersom helsa held. Status etter denne legendariske turen 308/309. Har levd i den tru at desse toppane måtte angripast frå Nesdalen/Ruteflotdalen. Faktum er vel at det er det einaste fornuftige og. Men no hadde vi no altså fått info om denne ruta frå Turmagasinet til S&F Turlag. Bror til Kroksleiven lagrar alt slikt han kjem over, og det tok han nokre få sekund å bla seg fram i arkivet. Infoen var veldig knapp, og vi fann etter kvart ikkje ut kvar det var meininga å gå. Det vart derfor eit prøvesegfram-prosjekt oppover den vanskelege sida. Anbefalar ikkje denne ruta, så skriv heller ikkje så detaljert om den. Det er muleg turlaget har utfyllande info eller GPS-spor. >>>

Stryn: Bødalsfjellet

Datum:
10.10.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
6:48h
Entfernung:
9,4km

Bødalsfjellet 1495, ingen enkle ruter til toppen. Det er heller ingen info å finne nokon plass. Denne toppen er nok meget lite besøkt. Dette er som musikk i våre øyrer. Turfølgje i dag vart Orheimgutane. Gustav som eg studerte friluftsliv saman med i Volda, og Torleiv bedre kjendt som Kroksleiven. Rutevalget vart frå Kjenndalen. Andre alternativ kan være Bødalen, opp Kvanngytta. Ein må då krysse elva, noko som kan være vanskeleg. Det såg og bratt og styggt ut når ein nærma seg skaret. Frå Bødalsseter kan ein muligens gå sørover opp ryggen og så ned i skaret og nå toppen frå aust. Vi gjekk fram og såg ned i dette skaret, det såg ikkje lystig ut. Nei faktum er at vi var ganske fornøgde med denne ruta sjølv om den var krevande. Planen var å følgje elva/elvagjelet oppover >>>

Bremanger: 100%

Datum:
07.10.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:28h
Entfernung:
18,8km

Bremanger 64/64, 100%. Nok ei kommune i boks. Kjem aldri til å fullføre så mange kommuner nokon gong som dette året. I tillegg til 1001-toppen som var siste i pf 100 fekk eg plukka med nokre ned til pf 50. Nordfjord pf 50 er innan rekkevidde, ca 615 toppar. Men veit ikkje om den nokon gong blir fullført, mest pga Einevarden som er ei lita nøtt. Det var meldt mykje vind i dag nokre stader i Nordfjord. På den engelske yr-sida som eg av ein eller annan grunn fekk opp stod det at det skulle bli gale med vind (Gale). Eg tolkar dette som hårreisande, og la turen litt vestover. Bortsett frå ein del vind på 1001-toppen var det ikkje GALE i det heile, og rett så triveleg i dalane. Kjøyrde Førdsdalen til endes, kr 30. Veien siste stykket er svært dårleg og det er ok med bil som har litt bakkeklaring. >>>

Eid: Ytre Åsane

Datum:
05.10.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Karte