Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Norddal: Grønnvasshøi og Nibba

Datum:
29.03.2013
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
8:30h
Entfernung:
27,0km

Plukka opp Kroksleiven på Statoil Nordfjordeid 0830. Møtte Hege kl 1000 i Hamseviki. -17 i det vi starta men sola varma voldsomt og etter kvart vart det rett så triveleg. Lange dryge parti oppover mot Fremste Vikvatnet. Mellom dette og Skrådalsvatnet startar ein rygg som vi gjekk til Grønnvasshøi 1840. Stille og fint på toppen. Torleiv feira sin Sunnmørstopp nr 100. Lett vidare til Nibba SØ 1790 og Nibba 1818. Frå Nibba var vi spent på terreng vidare. Hadde med stegjern og isøks som vart brukt ned eit lite parti her. Ikkje spesielt bratt men snøen var knallhard med eit lite lag nysnø på. Ikkje stas å gli avgarde her. Damene tok pause medan Krokleiven og Boven gjekk til Nibba N1 og N2. Siste er topp i Norddal 50m-lista. På vei ned frå siste topp rauk enno ein Voile Switchbackbinding! >>>

Sogndal: Steindalseggi, Steindalsnipa og Nyastølseggi

Datum:
23.03.2013
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
7:05h
Entfernung:
21,0km

Vi kjøyrde til Berge sør for Fjærland og parkerte på den store parkeringsplassen mellom tunnellane. Dette er same utgangspuktet som helga før då vi enda på Middagshaugen. Gjekk no forbi Fjellstølen og mot Storebotn. På ca 850 m tok vi bratt rett nord mot Nyastølseggi. Det gjekk forsåvidt bra men bratt og hardt gjorde det vanskeleg. Måtte av med skia siste meterane opp på kanten. Vidare til Steindalseggi 1510. Herifrå ned gode 100 høgdemeter før stigninga til Steindalsnipa/Steindalsbreen 1585. Elendig skiføre, isete, sastrugi og gjennomslag. Kan det bli verre? Tilbake på Steindalseggi var vi spente på forholda ned til Storebotn. Det vart dessverre ein skuffelse. Mykje gjennomslag og eit tynnt skarelag øydela den opplevinga. Likavel fin tur i eit veldig flott område. Med >>>

Karte    

Sogndal: Skredfjellet og Middagshaugen

Datum:
17.03.2013
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
3:47h
Entfernung:
11,0km

Turmål for dagen var liksom ikkje heilt bestemt. Vi kjøyrde frå Lote i godt ver i god tru. Frå Skei og innover mot Søgnesand var det ein lei vind og snødrev velta ned frå breane. Likare vart det ikkje når vi kom til Fjærland. Ein liten tur gjennom Frudalstunnellen for å konstatere at noko tur til Frudalshesten/Skjerdingane utgjekk. Tilbake gjennom tunnellen og parkerte på Berge. Eit anna par skulle i same retning og her hadde vore folk dagen før kunne dei fortelle. Kanskje var det muleg med Steindalseggi/Steindalsbreen. I stikrysset før Fjellstølen ga vi oss på dette og gjekk nordover mot Middagshaugen. Opp på ryggen og ein liten avstikkar til Skredfjellet. Vidare lett langs ryggen til Middagshaugen 1030. Mykje lei vind. Kanskje hadde det gått til 1500 meter om vi hadde satsa >>>

Karte    

Eid: Svartegga

Datum:
16.03.2013
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
2:30h
Entfernung:
9,6km
Karte    

Eid: Svartegga

Datum:
13.03.2013
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
2:30h
Entfernung:
9,0km
Karte    

Førde/Naustdal: Kupefjellet, Klokkarhuva og Strupen

Datum:
10.03.2013
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark

Vi starta turen lengst inne i Angedalen. Kjøyrde til Botnen, på isete og dårleg vei 50 m forbi siste bebodde hus. Her er det parkering og infotavle for Naustdal og Gjengedal landskapsvernområde. Transportetappe over Botnavatnet. Tok nordover vest for elva mot Juvbotnen. Ca 300 bratte høgdemeter med skog og dårleg skiterreng. Vidare sørover mot pkt 898 og ryggen opp til Klokkarhuva. Enorm utsikt i alle retningar, Snønipa, Gjegnen, øyar utanfor Florø osv. Vidare lett til Kupefjellet -> Skruklefjellet -> Strupen. Kroksleiven konstaterte på siste topp brudd på bindingen. Tverrstaget over tåa var øydelagt, eit velkjent problem på Voile Switchbackbindingen. Har nesten mista trua på denne no, 3. gang dette skjer i vårt lille turlag. Det vart parallellsvingar på han nedover, >>>

Karte    

Førde/Naustdal: Krunene, Blåfjellet og Høgefjellet

Datum:
09.03.2013
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark

Denne turen vart lenger enn forventa, og meir tidkrevande. Mykje isete parti og kronglete veivalg. Kom frå Førde og tok av på Tjørnaland skilta mot Brunene....sto at dette var bomvei, men ikkje betaling dersom ein skulle berre til gardstuna....ok vi skulle dit. Då vi kom tilbake etter turen var det oppmoding om betaling på frontruta. Ingen problem, vi betalte 40 kr på retur. Turen frå gardane på ca 200 moh gjekk mot Tjørnalandsstøylane langs skogsvei og røyrgate. Tok av mot Tjønnafjell 688. Lettgåt mot Krunene men etter kvart isete parti. Ei dame på fjellski måtte gi seg på ca 900 m. Krunene -> Andersskaret -> Blåfjellet, mykje is og trasig skiføre. Vi var dei første som skreiv oss i boka på Blåfjellet i 2013. Vestover til Smådalsnipa 930. Her hadde det vore besøk >>>

Karte    

Oppdal/Sunndal: Gråhøa og Oppdalshøa

Datum:
05.03.2013
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:00h
Entfernung:
13,3km

Etter tips frå JoSo kjøyrde vi til garden Bekken. Hadde ein meeeeeeget kort samtale med grunneigar om parkering, kom vi oss avgarde ca 1200. Gjekk bratt rett opp skauen i tung laussnø (eller pudder som mange ville kalla det). Frykta at dette ville bli ein tung tur, men rett oppom skoggrensa var det avblåst og lett å gå. Gjekk først til Gråhøa for å kunne nytte lange slake gliparti mot Oppdalshøa og på returen. Vekslande ver med ein del vind i høgda. Ok nedkjøyringssnø frå skoggrensa. Denne turen er nok flott med gode snøforhold. Er ein interessert i nedkjøyringa bør ein ta Gråhøa til slutt.

Karte    

Meldal: Resfjellet

Datum:
04.03.2013
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
3:15h
Entfernung:
11,0km

Vi kom frå Meldal, tok av mot Resvatnet. Mykje nedbør og stor snøsmelting i Trøndelag. Parkerte på Kåsan 475 moh. Måtte spa oss igjennom brøytekantane for å komme inn på parkeringsplassen. Vinden tok godt i bjørkeskauen langs veien og noko topp var ikkje å sjå. Trakka i vei mens Lise holdt auge med GPS-klokka si. Etter kvart vart sikta dårleg og vinden auka på. 200 høgdemeter/ ca 1,2 km frå toppen var det rett utriveleg. Hardt og avblåst. I tillegg løsna den eine fella til Lise. Geckofeller, limfrie, best i test UTE 2012. Etter vår vurdering ubrukelege. Silikonbelegget heng så fast i skia at det løsnar frå fellene, spesielt under foten der trykket er størst. Parkerte skia og gjekk med stavar og sekk mot toppen. Enorm glede då vi plutseleg såg varden. Var såpass le >>>

Karte    

Eid/Stryn: Glitteregga

Datum:
24.02.2013
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark