Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Surnadal: Sandfjellet

Datum:
20.04.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
1:19h
Entfernung:
5,6km

Vi parkerte rett over demninga. Snøen låg i stor mengder rett inntil veien så her var det berre å spenne på seg skia. Eit par stk hadde vore oppover i går sannsynlegvis, så det var berre å følgje spora. Slak og enkel tur som eigna seg glimrande med bæremeis. Mast og bu på toppen, kasse og bok på austveggen av bua. Ein del vind på toppen, men blå himmel og sol. Pga vinden vart det ein kort toppvisitt. Reiv av fellene og glei utfor første kanten. Gapskratting bak i meisen. Legendarisk styresløsh gjorde at eg kunne sette kjappe fine svingar nedover til stor glede for han bak på ryggen. Folddalen er eit glimrande utgangspunkt for turar, her kjem vi tilbake.

Karte    

Sunndal/Surnadal: Snøfjellet og Skjerdingen

Datum:
19.04.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
6:09h
Entfernung:
20,5km

Endeleg godver på nordvestlandet. Kjøyrde mot Kårvatn og parkerte der stien mot Innerdalen startar. Kom meg avgarde ca 1000, gjekk først med skia på sekken etter raudmerkinga. Såg snart fotspor etter 2 stk som var foran meg. Eg tenkte dei skulle mot Bjøråskaret og ein topp, men dei tok av mot egga nord for Skjerdingen bratt opp nokre rennesystem. Såg dei aldri igjen. Hardt og lettgått innover dalen, kom til Bjøråskaret etter knappe 2,5 timar. God matøkt før eg peila meg mot Snøfjellet. Var veldig spent på det brattaste partiet. Satte igjen skia ca 150 høgdemeter under toppen og leita fram stegjern og isøks. Snøen var mjuk og kram og det gjekk greit over. Siste 100 meterane til toppen utan ski og stavar vart tunge. På toppen skal det være ein kjempevarde og postkasse med >>>

Karte    

Surnadal: Bollknubb1

Datum:
08.04.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
1:18h
Entfernung:
4,5km

Etter at gårsdagens tur vart prega av ei forferdeleg veroppleving, (bortimot det verste eg har vore ute i) måtte eg rette opp dette med ein gong. Ein kan ikkje sette igjen ein topp på denne måten! I dag i mykje bedre ver heldigvis. Veien frå Nordvikstranda til inntaket for kraftverket er brøyta og åpen frå ca påsketider. Kr 40 vart betalt i kassa med glede i dag og. Bytta til telemarkski for anledningen og labba rundt Seterhaugen på vestsida. Vidare i nesten rett linje mot toppen. Veldige vind tidleg på dag men stilna utover ettermiddagen. Fekk nokre få hundre meter fin nedkjøyring i påskesløsh. Såg 2 stk som kom kryssande ned frå Nordviksula. Det er forresten 2 Bollknubbar, denne + ein grensetopp mot Sunndal sør for Todalen.

Karte    

Surnadal: Ytre Sula, Indre Sula

Datum:
25.03.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
5:00h
Entfernung:
14,2km

Starta usedvanleg tidleg, 0715 frå brua over Røssåa ved Todalshaugen. Tross gode anbefalingar frå diverse kjentfolk om å gå frå Nordvikstranda ville eg absolutt prøve den ruta eg sjølv hadde blinka meg ut. Labba 200 høgdemeter oppover den veldig gode veien som er bygd i forbindelse med kraftutbygginga. Kunne kjøyrt bil opp her, bommen stod åpen og. Tok av til venstre mot Todalshaugsætra. Pga snøfallen i går kunne eg ta på meg skia her, hengde ifrå meg stilongsen i ei buske. Passerte sætra og peila meg inn på vestsida av 1102-knollen. Gjekk først på den vestlegaste toppen. Glei rett austover frå denne mot skaret. Hadde sett ei stund på ryggen til Indre Sula. Siste meterane såg ikkje enkle ut som det som ofte gjer på litt avstand. Kom opp til det brattaste partiet som >>>

Gloppen/Naustdal: Merafteholten pf 100 komplett!

Datum:
01.02.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
5:00h
Entfernung:
17,0km

Etter nokre månader med sofateneste og vintersport var det på tide å kome i gang med ny sesong. Ingenting er vel bedre enn å komplettere 2 kommunelister i ein jafs. Gloppen pf 100 66/66 Naustdal pf 100 26/26 Turen har lenge stått på blokka. Kroksleiven var som vanleg med på kort varsel og minimal info. Tok ferja kl 1000 frå Lote. Framme på Rongkleiv litt over 11. Friskt og kaldt i skuggeland, kom oss fort i gang. Vi hadde dessverre ikkje finsikta kartet på Peakbook godt nok. Den nye veien/røyrgata mot Rambergvatnet var ikkje innteikna på kartet vi hadde. Rota oss derfor oppover i skogen og måtte krysse ei elv. Kom plutseleg inn på veien og ser ein lokalkar rett bak oss. Han skulle til Mjellemstøylen og ville gjerne slå lag. Oppe på Mjelleimsegga skilde vi lag. Vi gjekk vidare >>>

Eid: Lotsbergnibba på ski

Datum:
11.01.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
5,2km
Karte    

Eid: Ljøskarhaugen

Datum:
26.12.2014
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
7,0km
Karte    

Norddal: Middagshesten

Datum:
27.04.2014
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
9,0km

Karte    

Norddal: Grøtet og Litlegrøtet

Datum:
26.04.2014
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
5:49h
Entfernung:
19,0km

Sunnmøre pf 50, status etter helga 839/926. Kom til Kilsti fredag kveld og la oss til i bilen på parkeringa. Kom meg avgarde 0650. Veldig tidleg, men planen var at Lise skulle ta Grøtet etterpå. Var usikker på kva eg skulle gjere, men enda opp med å gå mot Skrednakken. Brukte ca 1,5 timar ut der på telemarkski med plastsko. Vidare ryggen frå vest til Grøtet. Vart ein del skibering her, 3-400 høgdemeter. Ein titt på klokka og eit lite blikk ned i sørsida på Grøtet gjorde til at eg bestemde meg for Lisjegrøtet i tillegg. Eg er ingen brattkjøyrar på ski, men dersom det er det som må til så går det og. Bratt skikjøyring ned furene på sørsida av Grøtet! Plastsko og telemarkski er så gull på slike turar! 200 lette høgdemeter til Litlegrøtet. Fantastisk nedkjøyring mot >>>

Karte    

Eid: Svartegga

Datum:
29.03.2014
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Karte