Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
Peakbookfreunde
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Blåfjell- Løysingevasseggene-Trongedalsnipa..., Eid, 951 moh
- Datum:
- 28.07.2015
Langtur med mamsa i fineveiret :) Gjekk opp/bort til Ytre Fannstøylen, opp Blåfjellet (Store-), vidare over til Løysingevasseggene, ned til Løysingevatn, opp på Trongedalsnipa og ned att på andre sida til Løysingevatn, for til slutt å gå over Trongedalsnipa vest for... og ned til demninga, ned stien tilbake til Fannstøylen... Phu! Så vidt over sju timar, med pauser. Brukte litt tid opp Blåfjellet, fordi stien forsvann her og der... Men opp kom vi!
Dunheia, Breim, 1165 moh
- Datum:
- 26.07.2015
Endeleg litt fint ver :) Gjekk opp frå Hetlestøylen/Kålsstøylen. Hadde sti ei stund, men så forsvann den.. Fann den att lenger oppe. Tur med mamsa.
Winayayna (2650m) - Intipunku - Machu Picchu (2400 moh)
- Datum:
- 03.07.2015
Dag 4 - Inka Trail: Stod opp kvart over 3... for å stå/sitje i kø i over ein time... Så byrja vi å gå, med lykter i mørket. Lett gange denne dagen, over eit lite pass - Solporten - og ned til Machu Picchu.
Runkuraqay - Phuyupatamarca (3640moh) - Winaywayna (2650m)
- Datum:
- 02.07.2015
Dag 3, Inka Trail i Peru. Denne dagen var heilt utruleg flott - mykje fin vegetasjon, ein del inkaruinar undervegs og svært variert landskap: Tunellar i fjellet, grøne "tunellar", regnskog, over eit par "pass"... Det var vel denne dagen vi gjekk lengst - 13 km.
Wayllabamba - Warmiwanuscca (4215 moh) - Runkuraqay (3800 m)
- Datum:
- 01.07.2015
Dag 2: Frå Wayllamamba (ca. 3000 moh. til Runkuraqay (3800) via Dead Woman's Pass (Warmiwanuscca). Stigning på 1200 meter i eitt strekk, men det gjekk fint med høgda, sidan vi hadde vore rundt omkring veka før, på 3000 - 4900 moh. Då gjekk vi berre litt her og der, overnatta på 3400 - 3800 moh. + Titicacasjøen, som ligg på 3015 moh.