Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
Peakbookfreunde
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Ref. 5 Torri 2137 m - Nuvolau 2575 moh -
- Datum:
- 25.06.2016
Tok bane til Refugio Cinque Terri. Derfra gjekk vi opp på fin sti til Refugio Nuvolau, 2575 moh. Utruleg utsikt i alle retningar! Denne dagen var det ultraløp i området, så massevis av folk kom oppover og passerte på veg ned og rundt. Vi var difor glad at vi tok bana opp, sidan dei kom opp den stien i skogen som vi elles ville ha gått...
Ned att gjekk vi nedanfor 5 Terri og ned stien rundt tilbake til vegen nede. Mykje bygningar og skyttargraver frå 1.verdskrigen langs ruta. Flott dag :)
Mollansmorki - Molden, Luster, 1118 moh
- Datum:
- 20.06.2016
Fin tur med god utsikt i mange retningar :) Lett å gå, med fin sti og merking. (Det var NM i motbakke to dagar tidlegare...) Vi klarte å behalde sola mesteparten av dagen! Med mamsa på tur.
Grøssete, Sogndal, 850 moh
- Datum:
- 19.06.2016
Vi gjekk opp og ned stien frå hyttefeltet. Fin tur med god utsikt over Sogndalsdalen. Med mamsa.
Trollenyken, 898 moh
- Datum:
- 12.06.2016
Trollenykjen Opp i varmt og strålande ver :) Denne gongen hadde eg med mamsa, som gjekk turen for første gong.
Trollevassnyken, Eid, 958 moh
- Datum:
- 08.06.2016
Gjekk frå parkeringsplassen på Heida. Fin tur, men skikkeleg kald vind..
Trollenyken, Eid, 898 moh
- Datum:
- 05.06.2016
Nydeleg tur i flott sommarver med Anne Tove. Faktisk var det så varmt at vi måtte bade i elva på Skipenessætra...