Kajakk rundt Stad (13.11.2014)
Henrik og Narve Yksnøy.
Vi budde i hytte på Kråkenes. Opp kl. 06, drog kajakkane på gras 400 m til sjøen. Storsteina strand med brenningar var knotete i grålysinga, men vi kom oss i gang før 8.
Det regna litt, men lite vind. Kurs rett mot Stad, 20 km strekk. Rotete, men OK sjø, god nytte av nordgåande straum, så vi låg mykje på 7 Km/h.
Rundt Stad/ Kjerringa var det mest rot, etter runding vart det ein del vindbyger. Men det roa seg på vei til Kvamsøya, og til slutt var det blank sjø og dønningar bakfra. - Eg kjente det i kroppen etter 38 Km, så då det vart snakk om å padle til Berknes (!) heldt eg meg til planen, men s dei andre fortsette. - Dei kom fram etter nær 12 timar i kajakk, nermare 60 km!
Benutzerkommentare