Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Ich habe mich noch nicht mit anderen Peakbookbenutzern befreundet.

Gesammelte Listen

Bisher habe ich mich noch an keiner Liste angemeldet.

Blæja

Datum:
16.10.2014
Karte    

Eidskyrkja på sparket

Datum:
04.04.2013
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark

Vi var ein gjeng på 4 som ville på tur då vi hadde ein fridag utan innhald. Vi fann ut at ein skitur for å finne litt nysnøv var på sin plass. Veret var fint og vi valde Eidskyrkja som mål idag. Starta i 12 tida oppover og hadde nokre svenskar på halen heile vegen opp. Sist eg var opp var snøen hard og mjuk om ein annan frå setra og opp til breen. Idag var det hardt med eit lite lag nysnøv oppå. Dermed var det fint å gå opp. Breen hadde meir nysnøv og frå skaret og opp på toppen var heilt nydeleg. Vi gledde oss til turen nedatt heile vegen opp. Var nokre skyer som forsøkte å skyggelegge vegen opp, men dei flaug fort forbi, og sikra flott ver på toppen. Turen ned var heilt fantastisk. Toppen og ned til skaret var heilt nydeleg å renne, så det vart kjaurt i eitt, og turen >>>

Karte    

Høgenibba

Datum:
25.03.2013
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark

Idag gjorde vi eit nytt forsøk på å komme til topps på Høgenibba, og vi hadde med oss eit par andre på turen. Idag skein sola og himmelen var blå. Dårleg sikt skulle ikkje få øydelegge for oss idag. Vi tok trekket opp idag då dette var ope. Då slapp vi dei første høgdemeterane. Vi gjekk opp same ruta som sist, og kom oss heilt til topps. Skia sette nokre gjen nede og gjekk til topps, medan andre gjekk opp på skia. Eg gjekk opp på skia, men valde å bære dei ned, då det var både bratt og hardt å renne ned frå toppen. Føret frå der den preparerte løya stoppar og ned, var kjempebra. Ikkje så mykje pudder som sist, men litt mjuk og god snøv å renne i. Turen tok eit par timar opp og totalt ca 3 timar med pause på toppen.

Karte    

Eidskyrkja

Datum:
23.03.2013

Vi starta å gå litt før 11 på laurdag 30.03.13. Eg hadde forsøkt meg ein gong før men måtte snu, så eg var motivert for å klare turen idag. Starta bra, og gjekk fort opp bakkane. Litt før breden var bakken isete og glatt, og skia sleit med å finne feste. Det var tungt å gå, men kom oss forbi og vidare opp til breden. Tok ein pust i bakken litt drikke før vi fortsette. Opp breden gjekk vi i litt skygge, men høgdemeterane går fort så vi kom fort i sola igjen. På toppen av breden sette vi oss ned og åt mat og naut utsikta. På toppen var vi ca 14.30. Der tok vi bilete og naut både vær og utsikt ei stund. Turen ned var ei blanding av fryd og problem. Toppen var fin og renne frå og det var pudder heilt ned til breden. Ned breden var det så hardt at det også var ei enkel sak. >>>

Karte    

"Ikkjefulltså"Høgenibba

Datum:
14.03.2013
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark

Eg og min svigerfar har lenge snakka om å ta turen til denne toppen då den virker å ha ei flott utsikt når det er fint vær. Vi hadde begge fri denne dagen, og vi bestemte oss for å ta ein tur då. Værmeldingane sa at det skulle lette etter klokka 12 og at det skulle bli ganske fint utover dagen, så vi starta litt før 12 for å komme på toppen når det skulle vere fint vær. Idag gjekk ikkje trekket, og vi fylgde då trekktraseen rett opp. Vi brukte ca 1 time og 20 minutt på å komme opp til toppen av trekket. Derifrå brukte vi ca 1 time og 30 minutt til toppen. Vi fylgde spora til to som gjekk før oss. Dei hadde gått litt vekk frå der som var trakka opp, og rutevalget var bra. Dei kom ned når vi hadde omtrent 45 minutt gjen til toppen. Når vi nærma oss toppen var framleis ikkje >>>

Karte