Bratten i Gjølet: Isklatring i skiferbruddet Engan (01.12.2013)
Besuche anderer PBE | Skiferbruddet Engan | 01.12.2013 |
---|
Trønderalpinizm 4 real!
Førstereisgut i isklatringa si verd. Stygge meldingar hindra ikkje aspirerande alpinistar kobbenes (Kristian Starheim) og AndreasNordstrand (Andreas Nordstrand)å hoppe i bilen i retning oppdal! Skiferbrotet såg ut som ein tolelig plass for passelig vanskeligheitsgrad, men så var det denne stormen då. Frå skiferbrotet gikk det derimot eit trangt jøl opp mot ei gryte, beskytta mot vinden, der isen lokka svikefullt!Dette skulle gå greit, opp med seg. Men det var jo både bratt og dårlig is. Nordstrand leda stødig oppover vertikalane over meg medan isen deisa i hjelmen. Så var det meg. Bratt, sjø. "Det er ikkje eit alternativ å freake ut no" høyrde eg meg sjølv seie før eg klara å drage meg gjennom kruxet. Men så artig, då! Opp kom ein, og god stemning!
På rapellen ned leita eg etter den enkle vegen der vi hadde gått opp. Men der var jo ingen enkel veg? Det var jo berre rett ned over alt!?! Hadde vi klatra opp her? Redselen la seg, og tilbake stod berre overmotet!
ICE ICE BABY!
Noter i ettertid: I den nye isklatreføraren for Oppdal og Sunndalen (2013) er Bratten i Gjøla omtalt som ei av dei første seriøse islinjene som vart opna i Drivdalen. Den er gradert til WI4, 50 meter med bratt klatring. Og enda viktigare: eit heilsides bilete der den ser bratt og brutal ut!
Benutzerkommentare