Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (1)
-
Fahrzeugtour (2)
- Autotour (2)
-
Fußtour (80)
- Bergtour (29)
- Hochtour (2)
- Jogging (25)
- Spaziergang (12)
- Wanderung (11)
-
Klettern (77)
- Alpinklettern (9)
- Bouldern (9)
- Eisklettern (20)
- Mixed-Klettern (3)
- Sportklettern (3)
-
Skitour (13)
- Randonnée/Telemark (11)
- Tourenskilauf (2)
Peakbookfreunde
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Fladalen walkabout
- Datum:
- 28.07.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 5:12h
- Entfernung:
- 19,8km
Dagen i dag mangla ikkje vidløftige planar. Men det mangla heller ikkje skodde. Alle Laurdalskremtoppane stod med hovudet i skyene, så man måtte sjå seg ikring etter lavare mål. Tua hadde ikkje skodde, så det fekk bli treningstur og litt jobbing på Eidalista her i staden. Greit opp til Tua. Nokon hadde gått amok med T-merkinga, og sti og merking var ikkje alltid like enkel å følge. Ein time til topps og halvtime tilbake til bilen. GPS-sporet NED frå Tua føl stien. Opp gjekk eg feil både her og der. Ved bilen var leggar og lår framleis friske. Eg hadde heile dagen til å gå på fjellet, så eg sprang avgårde mot Kvitegga og Hattemakaren. GPS-sporet må på ingen måte følgast, for dette var stort sett gaupeterreng. Eg anbefalar på det varmaste å angripe desse fjella frå ein >>>
Skoddesafari på Hesten
- Datum:
- 26.07.2016
Hesten er eit fjell eg har beundra frå vindauget på Orheim sidan eg var liten. Den har stått på blokka lenge, men det var ikkje før i år at vi gjorde alvor av turen. Veka før var det knallvær, men først i dag fekk eg og Kroksleiven avløysarar frå hhv. kids og frifjøs. Når det er sagt, er navngjevinga på Hesten eit svært kontroversielt emne. Debattane er ofte prega av kjensler. Eg meiner derimot det heile er logisk: fjellet liknar på ein hest, med baken på hovedtoppen og hovudet på Høgefjellet. Navnet Bukkenibba heng difor ikkje på greip. Kroksleiven kallar Gjegnen for Hesten, og Hesten for veslehesten. Med all respekt så liknar ikkje Gjegnen på ein hest. Og Hesten liknar ikkje på ein liten hest. Sånn. Då håper eg at den debatten er lagt død. I alle fall. Det var ikkje >>>
Dua
- Datum:
- 20.07.2016
Fantastisk vær på sommarferie i Nordfjord. Rykta sa at Dua i Kjølsdalen var eit fint turmål for å lufte familien. Det stemte bra. God stemning opp bakkane både hjå liten og stor. Fantastisk utsikt frå toppen. Eg gav Eskil eit lynkurs innan modulen "Toppar i Bremanger". Diverre var sjølve toppen 100 meter lenger borte enn varden, så det er fristande å seie at denne turen var bortkasta. Men den kjendest fin allikavel, merkelig nok.
Lundavarden rett opp og ned
- Datum:
- 19.07.2016
- Tourcharakter:
- Jogging
- Entfernung:
- 7,7km
Treningstur til Lundavarden, bra motbakke for å køyre leggar og lår både opp og ned. 1 time opp, halvtime ned.
Orkdal: Vargheia med Eskil
- Datum:
- 12.07.2016
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 1:48h
- Entfernung:
- 5,5km
Eskil hadde lenge masa om at vi måtte kome oss på nokon av dei fine kysttoppane i trøndelagsregionen. Presset vart ikkje mindre etter myrfadesen på Kjerringklumpen tidligare i vår. Sidan pappapermen nærmar seg med små og store skritt nytta eg mi akademiske friheit (og svært lite å gjere på jobb i dag) til å iverksette ei lita pappaperm-generalprøve: Mamma stakk på kafé, og vi to andre pakka sekken med retning for den tøffe heia (?) Vargheia. Første hindring var at eg gløymde bæreselen, og eg fekk ikkje snu før Tiller. Men SÅ var vi på veg. No var det berre for Eskil å ta formiddagskvilda si i bilen. Dette var ikkje heilt rett fram, og etter to stopp før Orkdal var vi i mål. Så på plass på Kvernamoen parkeringsplass 1 time og 45 små minutt etter at vi gjekk ut døra. >>>