Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Ettermiddagstur på Geitfjellet

Datum:
31.08.2016
Tourlänge:
2:03h
Entfernung:
14,4km
Karte    

Skistua-Rønningen

Datum:
23.08.2016
Tourcharakter:
Jogging
Karte    

Lyneggen på Størenhammaren

Datum:
21.08.2016
Tourcharakter:
Klettern

Good ol' Størenhammaren, faithful ol' friend. You always have time for a short romance. Med Pål Christian på søndagstur opp gamle stier. Hadde tenkt å klatre Grismattistjuven, men klatra feil og enda opp på Størenhammarens Grand Old Lady, Lyneggen. Rappellerte ned Nordtangenten. Den har eg lyst å klatre, kanskje neste gong om eg ikkje prøver meg på Grismattistjuven igjen.

Skaun: Kvernberget med Eskil

Datum:
19.08.2016
Tourcharakter:
Spaziergang

Lufta junior. Vi gikk for ein enkel tur, ingen grunn til å skyte over mål. Bilturen var som vanlig upopulær, medan turen var populær. Fint å leike på Øyberget.

Karte    

Gråkallen rundt

Datum:
18.08.2016
Tourcharakter:
Jogging
Tourlänge:
0:58h
Entfernung:
7,8km

Treningstur i bymarka. Nydelig vær og nydelige stiar. Avslutta med lysshow i skodda på Gråkallen.

Karte    

Melkeveien/Krystallnatten på Selnes

Datum:
14.08.2016
Tourcharakter:
Klettern

Fikk med Daniel på tur til Trøndelag si flottaste klatreklippe, Selnesklippa. Han som er ledar i Tindegruppa hadde faktisk ikkje vore der før (!). Vel, det er aldri for seint å oppleve fantastisk Fosenklatring. Planen var å prøve på ei av klassikerane i hovedveggen. Sidan Himmelstigen var våt satsa vi på Melkeveien (6). Greit opp svalengdene i botnen. Daniel fann ut at granittsva på ingen måte krevjer samme ferdigheiter som å aide The Nose . Begge er krevjande øvingar, på kvar sin måte. Så etter litt opp og ned stod vi under hovedveggen. Her tok eg ledartrøya, og planen var å strekke seg heilt til topps. Melkeveien har ein direktevariant på 6+ som heiter Krystallskallen. Sidan eg var litt keen på å pushe gradene litt satsa eg på denne. Første del var våt, og difor ikkje heilt rett >>>

Karte    

Treningsrunde i Bymarka

Datum:
13.08.2016
Tourcharakter:
Jogging
Tourlänge:
2:11h
Entfernung:
15,9km

Tilbake i Bartebteyen etter sommarferien, og treningstur i Bymarka. Trudde all fjelltraskinga i ferien hadde gitt stål i beina, men i dag gikk det litt tungt. Vel, fint vær men myrene var våte som pesten.

Karte    

Gjensyn med Rønnomnibben

Datum:
09.08.2016
Tourcharakter:
Wanderung

Tur til Rønnomnibben med Kona. Eskil hadde barnevakt, så denne gongen slappa vi av og såg havet utanfor Jomfruland med medbragt kikert. Vel tilbake på gården buldra eg litt på steinane under Stornuten. Flott storsteina ur med mange potensielle kremlinjer. Eg tok den mest opplagte, som klokka inn på 5+/6a-ish. Sidan eg tok meg ein prat med ein av to gardsgutar på Vågsland, August, så får denne navnet Augusts Egg.

Karte    

Rønnomnibben

Datum:
08.08.2016
Tourcharakter:
Wanderung
Karte    

Flautangåsen ad vestveggen

Datum:
06.08.2016
Tourcharakter:
Klettern

På ferietur i Sandefjord med Nina og Bjørn Ole. Sjølv om barna var i sentrum på dette opphavet vart eg plaga med synet av perfekt granitt kvar enn eg snudde meg. Racket ropa til meg der det låg innelåst i skiboksen, og eg vakna bada i svette med hendene forma i fingerjams natt etter natt. Så når ungane (så og seie) hadde sovna(ish) rusla eg og Bjørn Ole 5 min ned vegen frå hytta, og byrja på ein vegg eg hadde spotta dagen før: vestsida på Flautangåsen. Stort potensiale for nydelig kilecragging her! Nokre spydige oslofolk lurte på om vi trengte hjelp, og eg sa at dei fekk kome om vi ropte. Fin chimney opp til hylle. Fleire moglegheiter herifrå, men dei var alle ganske overgrodde. Eg gjekk litt til venstre og opp ei handsprekk. Litt henging i sikringane medan eg rensa så vart dette >>>